Hopp til innhold

Mann omkom i trafikkulukke

Ein mann i 30-åra omkom då han køyrde av vegen i Vik natt til søndag.

Trafikkulukke i Vik

OMKOM: Ein mann omkom i trafikkulukka som skjedde kvart på fire natt til søndag.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Trafikkulukke i Vik

UTFOR VEGEN: Bilen har køyrd over rekkverket og hamna på jordet.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Ambulanse, brannvesen og politi rykka ut etter melding om ei trafikkulukke på riksveg 13. Ulukka skjedde ved Voll like ovanfor Vik sentrum.

Bilen har køyrd utfor vegen, trilla rundt og hamna på eit jorde.

– Vi fekk melding kvart på fire i natt om at ein bil hadde køyrd av vegen. Naboar til staden har vakna av eit smell og kom seg raskt ut, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved politiet.

Det har truleg berre vore ein person i bilen. Han blei erklært død på staden av legen som kom til. Ifølgje politiet er mannen heimehøyrande i Vik kommune.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent. Åstaden blir granska av ulykkesgruppa til Statens vegvesen og politiet i Vik.

Klokka 13:30 har politiet frigjeve namnet på mannen som omkom. Det var den 34 år gamle Einar Fjærestad Brekke frå Vik som mista livet i ulikka. Namnet er frigjeve i samråd med dei pårørande.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Vik» i nytt vindu