Mannen vart funnen i sjøkanten like nærleiken av der han bur. Det blei føremiddag sette i gang ein større leiteaksjon etter mannen i bustadfeltet Vikalida like vest for Stryn sentrum.
– Mannen forsvann frå bustaden sin klokka 0900 i dag. Han har demens og dersom nokon ser ber vi om at dei tar kontakt med oss med ein gong, sa Trond Hatlenes som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Då NRK snakka med han klokka 11.24 laurdag føremiddag.
Den sakna mannen har på seg lilla genser, svart bukse tøflar. Han har ei litt lut haldninga og går sakte.
Politi, Norske redningshundar og personell frå sivilforsvaret er no på veg til Stryn. Politiet har førebels ikkje opplysningar om kvar mannen kan ha tatt vegen. SAKNA MANN
– Området der han er sakna er eit bustadfelt like vest av Stryn sentrum, men veit førebels ikkje i kva retninga han kan ha gått.