– Slik vi har forstått det har mannen gått tom for næring og var utmatta, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.
Mannen som var på tur mellom Hjellestølen og Førdsnipa ringde ein kamerat som igjen ringde politiet klokka 14.26.
Ein luftambulanse vart sendt opp til mannen. Dei lokaliserte han klokka 14.49, og han vart henta ned for legesjekk.
– Det skal stå bra til. No er han i alle fall i trygge hender, seier Rimmen.