Hopp til innhold

Politiet gjennomfører nye avhøyr måndag

Det var 65 år gamle Sverre Bjarne Gangsø frå Florø som vart funnen omkommen i sjøen natt til sundag.

Florø

Politiet har i løpet av dagen avhøyrd fleire personar som var på ein utestad i nærleiken av staden der Gangsø vart funnen.

– Vi prøver å finne ut meir om kva som har skjedd difor avhøyrer vi fleire personar no, seier operasjonsleiar Olaug Holme i politiet til NRK.

Politiet kan ikkje stadfeste om den omkomne også hadde vore på utestaden før han vart funnen omkommen natt til søndag.

Hoppa i sjøen

– Personar på staden berga vedkomande opp frå sjøen. Det vart forsøkt gjenoppliving på staden, utan at det lukkast, opplyser politiet.

Ein mann vart i natt funnen død i sjøen nedanfor Strandgata i Florø natt til sundag. Forbipasserande hoppa ut i sjøen og fekk mannen på land. Men mannen vart erklært død då helsepersonell kom til staden.

Etterforskar vidare

Saka blir no etterforska vidare av tenestemenn frå politistasjonen i kystbyen for å få klarlagt meir kring årsaka til det som skjedde.

Politi og helsepersonell rykte raskt ut til Strandgata då meldinga om drukningsulukka kom klokka 01.59 natt til sundag.