Hopp til innhold

Mann frakta til sjukehus

Ein mann ligg på sjukehus etter ein valdsepisode i Sørbøvåg.

politi illustrasjon

PÅGRIPEN: Ein mann er pågripen etter ein valdsepisode i Sørbøvåg. Ein mann ligg på sjukehus etter hendinga.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

– Det har vore ein valdsepisode, men førebels er det uklart kva som har skjedd, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Politiet rykka ut til ein bustad i Sørbøvåg klokka 0256 etter melding om ei hending i heimen. Førebels veit politiet lite om kva som har skjedd.

Laster Twitter-innhold

– Vi må nok ta nokre avhøyr før vi kan seie noko meir om kva som har skjedd, seier Holme.

Men det er er på det reine at det har vore ein valdsepisode der ein mann vart pågripen i 0440-tida. Vedkommande vart sendt til lege for sjekk etter episoden.

Kor alvorlege skader dei to har er usikkert.

– Det er så alvorleg at ein mann ligg på sjukehus. Meir veit vi ikkje, seier Holme.