Se video fra åstedet

SLO ALARM: To menn og ei ung jente blei drepne av mannen frå Sør-Sudan. I videoen vert det opplyst at gjerningsmannen er ein mann i 50-åra. Politiet har no korrigert dette til at det er ein mann fødd i 1982. FOTO: Ole André Rekkedal

– Mann frå Sør-Sudan stod bak trippeldrapa på bussen

Ein mann frå Sør-Sudan fødd i 1982 er sikta for drapa på to menn i 50-åra og ei kvinne på 19 år om bord i Valdresekspressen måndag kveld.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, stadfesta dette på ein pressekonferanse i Florø klokka 22.35 måndag kveld.

– Vi går ut frå at gjerningsmannen mest truleg er asylsøkjar som mellombels var busett i Øvre Årdal. Han er no bringa til sjukehus sjølv med knivskadar, opplyser politimeisteren.

Politiet seint framme

Mannen som no er sikta for drap gjekk til åtak på medpassasjerane på Valdresekspressen med kniv måndag kveld. Alle døydde.

Politiet rykte først ut til det dei trudde var ei bilulukke, men som viste seg å vere langt meir dramatisk enn det.

– Det var først melding om at det var ei trafikkulukke. Brannmannskap kom først til staden og dei fekk arrestert mannen, seier Iden.

Politiet fekk melding om det dei då trudde var ei trafikkulukke mellom Årdal og Tyin på Fylkesveg 53 i Sogn og Fjordane klokka 17:35. Det viste seg seinare at bussen var kapra, og store styrkar blei sende til staden.

Politiet var likevel ikkje framme før 18:49 på grunn av at den næraste patruljen måtte reise 89 kilometer for å kome til åstaden.

Prøvde å hjelpe – vart truga med kniv

Melheim - MIDT I TRAGEDIEN: John Norman Melheim og Vegard Jevnaker Melheim hadde vore på hytta, og enda opp midt i den fryktelege tragedien. - Foto: Alf Vidar Snæland /

MIDT I TRAGEDIEN: John Norman Melheim og Vegard Jevnaker Melheim hadde vore på hytta, og enda opp midt i den fryktelege tragedien.

Foto: Alf Vidar Snæland

Vegard Jevnaker Melheim frå Årdal og faren hans var på veg heim frå hytta på Tyinkrysset. Like ved Holsbruvatnet, vel ti kilometer frå Øvre Årdal, vart dei møtte av fleire bilar som stod i vegbana.

Jevnaker Melheim fortel til TV2.no at dei vart åtvara frå bilistar som hadde kome tidlegare til staden.

– Det stod ein bil i vegen, og dei som stod der fortalde at det var ei busskapring vel 50 meter lenger framme, seier han til NRK.no.

– Dei som hadde prøvd å ta seg inn i bussen for å hjelpe hadde blitt truga med kniv, seier 22-åringen som er skaka over det som har skjedd.

– Eg sit med ei rar og ekkel kjensle, seier han til NRK.no.

Væpna seg med pulverapparat

Det var brannmannskap som var først på staden i 18-tida og arresterte mannen klokka 18.43. Ambulansepersonell og brannvesenet stod ei stund og prøvde å få mannen ut av v bussen, uvitande om at tre personar låg døde inne i bussen, skriv VG.

– Ambulansepersonell og personar frå brannvesenet prøvde å få han ut av bussen. Han var heilt taus, bortsett frå at han sa han ville snakke med politiet, seier eit vitne til avisa.

– Brannvesenet væpna seg med hammarar og anna utstyr, men då han kom ut av bussen utan kniven, blei han ikkje angripen anna enn med handmakt og eit pulverapparat, fortel eit augevitne til VG.

Drap to passasjerar og sjåføren

Dei som blei drepne om bord i bussen er to menn i 50-åra og ei jente på 19 år. Den eine mannen var bussjåføren.

– Sjåføren på bussen hadde jobba i busselskapet JVB dei siste tre åra, opplyser disponent i selskapet, Kristoffer Kvame.

Dei drepne er:

  • Bussjåføren: Mann i 50-åra frå Valdres
  • Passasjer: Ung kvinne på 19 år
  • Passasjer: Svensk statsborgar i 50-åra.

Statsminister Erna Solberg la tidlegare i kveld ei melding på Twitter der ho uttrykte sterk medkjensle med dei som er omfatta av den fryktelege tragedien.

https://twitter.com/erna_solberg/statuses/397491368991653889

Regionsjef Bente Dalåker i asylmottaksselskapet Hero, kom til Årdal måndag kveld. Ho stadfestar at mannen frå Sør-Sudan var asylsøkjar.

– Vi kjem no til å ha møte med ansvarlege styresmakter i Årdal, seier Dalåker til NRK.no seint måndag kveld.

Kripos på plass i Årdal - Kripos kom til drapsstaden rundt klokka 02.00 natt til tysdag. - Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Kripos kom til drapsstaden rundt klokka 02.00 natt til tysdag.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK
Kripos framme midt på natta

Alt tilgjengeleg mannskap frå politiet i Sogn og Fjordane har vore på plass i Årdal frå kvelden av. Like etter klokka 02.00 natt til tysdag kom Kripos fram til åstaden. Bussen der trippeldrapet skjedde er blitt dekt med ei presenning, og bussen står mørklagt på staden der det grufulle skjedde.

Kripos har no reist innanfor sperringane og teke seg inn i bussen for å gjere undersøkingar.

Hendinga har gått hardt inn på den vesle bygda Årdal. På krisesenteret har kriseleiinga i kommunen samla seg for å ta i mot pårørande. Mange har samla seg for å tenne lys for å minnast dei tre drepne.

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.
Det er bygd ut så mykje grønn strøm i Norge at det ikkje er lønsamt lenger.
No står mange små-kraft-prosjekt i fare, trass i at stortinget har vedteke at det skal byggast meir vasskraft fram til 2020.
Created by InfoDispatcher

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)