– Oh my God, oh my God, oh my God, utbraut mannen til Norsk Tipping då han fekk telefonen frå Hamar.
Laurdag kveld vart den rekordstore SuperLotto-potten på 57 millionar kroner fordelt på 13 vinnarar. Dei nye lottomillionærane kan no glede seg over å møte jula 4,3 millionar kroner rikare.
Då Norsk Tipping ringde den 31 år gamle mannen frå Florø blei han sjølvsagt veldig glad.
– Eg veit ikkje kva eg skal seie, anna enn at dette må vere den beste jula nokosinne, legger han til.
- LES OGSÅ:
I tillegg til mannen frå Florø vann desse også 4,3 millionar kroner:
- Ein mann frå Bergen
- Ei dame frå Meløy
- Ein mann frå Hemnes
- Ein mann frå Hobøl
- Ein mann frå Oslo
- Ei dame frå Bærum
- Ei dame frå Lindås
- Ein mann frå Os i Hordaland
- Ein mann frå Haugesund
- Ein mann frå Voss
- Ein mann frå Sandnes
- Ein mann frå Trondheim