Hopp til innhold

Manglande dekning stogga kolonne

Då brøytemannskapet jobba med å rydde riksveg 13 over Vikafjellet fredag føremiddag møtte dei på eit nytt problem. Mobildekninga på fjellet forsvann. Dermed kunne dei ikkje opne for kolonnekøyring.

Kolonnekøyring over Vikafjellet fredag ettermiddag

KOLONNEKØYRING: I 11.30 gjekk den første kolonnen over Vikafjellet fredag føremiddag. Den kunne først starte opp etter at mobildekninga var på plass igjen.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

– Vi må halde oss til reglane som seier at utan dekning kan vi ikkje ha kolonnekøyring, seier brøytesjåfør Erling Stokkebø til NRK.no.

På ei dårleg mobillinje frå fjellovergangen kan han fortelje at dette er av omsyn til tryggleiken til dei vegfarande. Han seier mobildekninga på fjellet har vore dårleg over tid.

Klokka 11 er dekninga på plass igjen, om enn noko dårleg. Frå klokka 11.30 vart det køyrt kolonne over fjellovergangen, men vel ein time seinare måtte fjellet på ny stengje på grunn av uvêr.

Riksveg 13 over Vikafjellet har nesten vore stengd samanhengande sidan vesle julaftan. Med nokre få unntak har Vik kommune ikkje hatt vegsamband sørover mot Voss i snart i snart to veker.

– Vi er føre var

Då brøytemannskapa i dag ville opne for kolonnekøyring, var det på eit tidspunkt ikkje vêret som var det største problemet. I staden var det problem med mobildekninga på fjellet.

– Med dårleg ver og meir vind og nedbør i vente er det større sjanse for at det kan bli guffent for bilistane å køyre over fjellet.

– Då meiner vi det ikkje er nødvendig å opne opp viss ein kan risikere at bilar blir ståande, og det ikkje er dekning der. Det er snakk om å vere føre var, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brøyting av Vikafjellet

SEKS METER: Brøytemannskapet måtte frese seg gjennom seks meter høg snø for å opne vegen over Vikafjellet i slutten av desember.

Foto: Erling Stokkebø
Bjørn Amundsen

BASE: Bjørn Amundsen i Telenor seier dei har fått problem med den eine basestasjonen på Vikafjellet, og at dei håpar at problema er retta i løpet av dagen.

Foto: Erik Hattrem / NRK
Marta Finden Halset

TUNNEL: Marta Finden Halset meiner det er på høg tid at vikjane får eit tryggare og meir stabilt vegsamband med ein tunnel gjennom fjellet.

Foto: Vik kommune

Har kopla ned ein basestasjon

Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor stadfestar at dei har hatt problem med dekninga på fjellovergangen i Sogn i føremiddag.

– Vi har to basestasjonar som dekkjer Vikafjellet, og vi har hatt nokre problem med den eine av desse. Den har vi no valt å stengje ned, og då har det betra seg, seier han.

Noko forklaring på kva problemet skuldast har han ikkje, og seier i 11.30-tida at dei har sendt folk inn på fjellet for å finne og forsøke rette feilen.

Brøytemannskapet på fjellet seier mobildekninga i det siste har vore ustabil, men Amundsen kan ikkje seie om feilen på basestasjonen som no er kopla ut har skulda for dette. Telenor jobbar no med å finne ut kva som har gått gale.

– Må ta omsyn til tryggleiken til våre folk

At den manglande mobildekninga førte til problem for trafikkavviklinga beklagar dekningsdirektøren.

– Dette er eit generelt problem med alle våre basestasjonar som ligg dårleg til.

– Slik vêret er i Norge kjem vi oss ikkje inn til alle våre basestasjonar når det er slik som no. Vi må ta omsyn til tryggleiken for våre folk. Er det uvêr kan ikkje sende folk inn for å reparere ting, seier Amundsen.

Har fått nok av problema

Vik-ordføraren Marta Finden Halset har for lengst sett seg lei på stengingar og problem på riksveg 13 over Vikafjellet.

Seinast i romjula var ho oppgitt over langstenginga av fjellovergangen på grunn av uvêr. Langstengingar som dette har innbyggjarane i sognekommunen blitt vande med.

– Vi er vande med det her i Vik at fjellet er mykje stengt i slike vêrperiodar som dette, men slik kan det ikkje halde fram.

– Det er i slike vêrperiodar vi ser kor viktig det er å få ein tunnel gjennom Vikafjellet, slik at vi har eit stabilt vegsamband og kan kome inn på aust-vest-sambandet. Den kampen vil vi kjempe heilt fram til tunnelen er på plass, sa ordføraren til NRK.no 27. desember.

– Viser kor sårbart dette vegsambandet er

For nettopp tunnel er det Vik-ordføraren og innbyggjarane lenge har ivra for. I Nasjonal Transportplan ligg tunnelen inne i siste planperiode, men ordføraren set framleis sin lit til at den nye regjeringa skal flytte den fram.

At kolonnen i føremiddag vart hindra av manglande mobildekning understrekar nok ein gong behovet for tunnel, meiner Finden Halset.

– Vi har med korte unntak vore utan vegsamband sidan veslejulaftan. No er vi komne til 2014 og ein heil kommune er innesperra på denne måten.

– Når vi attpåtil opplever at kolonnen blir hindra fordi det ikkje er mobildekning viser det kor sårbart sambandet er for vår del.

Ho har full forståing for at Telenor ikkje kan løyse problema når vêret er som det er.

– Vêret og fjellet er like farleg for alle, om det er brøytemannskap, Telenor eller vegfarande som skal over vegen.

– Den einaste løysinga er at det blir bygd tunnel som sikrar vikjane eit trygt og stabilt vegsamband.