Hopp til innhold

Mange vil melde om feil anonymt - fylkeslege trur på tryggare helsevesen med ny ordning

På berre eitt år har Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta fått inn 10.000 meldingar om uønskte hendingar i helsevesenet. Fylkeslege meiner ordninga vil gjere det tryggare for pasientar.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

TRYGGARE: Fylkeslege Per Stensland i Sogn og Fjordane trur den nye meldeordninga vil før til eit tryggare helsevesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

10.000 meldingar på eit år er heile fem gonger så mange som Statens helsetilsyn brukar å få.

Leiar ved senteret, Magne Nylenna, trur det har vore store mørketal når det gjeld varsling av feil i helsevesenet.

– Dette viser at meldekulturen har vore annleis, og at vi grev litt djupare, seier Nylenna til NRK.no.

Kan ikkje straffe dei som melder frå

Sidan juli i fjor har Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta teke imot meldingar om uønskte hendingar i helsevesenet. Og den nye meldeordninga har ført til uventa mange meldingar.

Ei viktig forklaring er måten den nye meldeordninga fungerer på. Meldingane skjer anonymt, og det er lagt opp til at det skal vere svært låg terskel for å varsle om uønskte hendingar eller pasientskade.

Ifølgje senteret sjølv har det tidlegare vore slik at frykta for moglege personlege konsekvensar kan ha vore eit hinder for å melde frå. Men eit slikt hinder har ein no fjerna.

Kunnskapssenteret har nemleg ikkje sanksjonsmoglegheit, og det er lovbestemt at meldinga i seg sjølv ikkje skal vere grunnlag for ei tilsynssak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Nylenna

LÆRDOM: Magne Nylenna i Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta seier det er viktig å lære av dei uønskte hendingane og feila.

Foto: Reidar Westberg / NRK

– Dette skal vi lære av

Nylenna seier meldeordninga tek sikte på å avdekke systemfeil.

– Det er ved å førebyggje dei mange hendingane at vi kan førebyggje dei alvorlege hendingane, seier han til NRK.no.

Om lag 10.000 meldingane det første året er fleire enn venta.

– Dette betyr også at det er fleire som blir bevisste på å melde uønskte hendingar og feil i helsetenesta.

– Meldingane gir oss eit godt grunnlag for å analysere på kva område det skjer uønskte hendingar, når på døgnet det skjer, har det med legemiddel å gjere, eller har det med medisinsk utstyrt å gjere, seier Nylenna.

– Når vi får rundt 10.000 meldingar eller meir i året får vi eit godt materiale som vi kan analysere og lære av, og bringe kunnskapen tilbake til helsetenesta, seier leiaren.

Fylkeslege trur på tryggare helsevesenet

Statens helsetilsyn skal framleis få inn meldingar om dei mest alvorlege feila som vert gjort.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, trur prosjektet vil føre til eit tryggare helsevesen når varsling også kan skje utan risiko for sanksjonar mot enkeltpersonar.

– Dette er verdifullt, seier Stensland.

– Om ein får fram mange meldingar, og dersom ein greier byggje opp ein meldekultur i helsevesenet, vil ein få ein bank av hendingar som andre kan lære av.

– Gjennom desse meldeordningane vil ein leggje grunnlaget for forbetring av helsetenestene.