Hopp til innhold

Stor interesse for byutviklingsplanene i Førde

Mange vil ha ei meining om byutviklinga i Førde. Langt fleire enn Førde kommune kunne tenkje seg.

Både innbyggjarar og næringsdrivande møtte mannsterke opp for å få meir informasjon om byutviklinga i Førde.

SJÅ VIDEO: Innbyggjarar og næringslivet i Førde møtte mannsterke opp til folkemøtet om byutviklinga i Førde. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Då kommunen inviterte til folkemøtet om den kommuneplanen tysdag, var interessa så stor at både bystyresalen og kantina i det nye rådhuset vart fylt med nyfikne tilhøyrarar.

Inn med fleire stolar til folkemøtet.

FOR FÅ: Førde kommune hadde ikkje tatt høgde for den store interessa for folkemøtet og fleire stolar måtte på plass.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Møtet blir også sendt direkte på nettet.

– Det kom langt fleire enn vi hadde venta. Difor måtte vi ta i bruk begge salane, vedgjekk ordførar Olve Grotle (H) då han opna møtet.

Stort planarbeid

Kommunen planlegg ei enorm strukturendring av kommunesenteret, noko som vil få følgjer for innbyggjarar så vel som næringsdrivande.

Målsetnaden er folkevekst på 1,5 prosent årleg fram mot 2027. I same perioden er målet ein sysselsettingsvekst minimum tilsvarande landsnivået.

Slik vil dei organisere Førde

STRUKTUR: Slik ser kommunen føre seg at byen Førde kan strukturerast.

Foto: Illustrasjon

– Eg tykkjer vi har jobba svært godt og fått mykje ut av pengane politikarane har gjeve oss. Planen er totalt på 1.200 - 1.300 sider, fortalde plan- og byggjesjef Odd Harry Strømsli.

Bustader i sentrum

Sidsel Sørebø og Jonny Håvåg

SYKKELBY: Sidsel Sørebø og Jonny Håvåg etterlyste fleire og betre skilta sykkelvegar. – Der er Førde botn i bøtta, sa Håvåg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Analysane gir eit målsett innbyggjartal på 15.400 innbyggjarar i 2027. I dag bur det kring 12.800 innbyggjarar i kommunen. Det gir behov for 1.200 nye bustadar. I den samband ser kommunen behov for å byggje tettar og høgare.

– Halva av dei nye bustadane skal byggjast i sentrum, sa Strømsli.

I tillegg til bustadpolitikk og sentrumsutvikling inneheld arealplanen ein planlagd regional handelspark på Brulandsvellene.

– Mange lurer på om det er handelshus vi skal ha på Brulandsvellene. Nei, det er ikkje det. Dei skal vi ha i sentrum, fortalde Strømsli.

Vern om dyrka mark

Mange spørsmål knytt til sentrumssatsinga på bustadutviklinga. Fleire var urolege for mengda av dyrka mark som må vike for satsinga på bustader i sentrum. Bustadfelt i Førdslia, Kirketeig, Grimeland og område over Slåttebakkane har vore vurdert.

Desse må vente.

– Eg trur det er viktig å ta i bruk Førdslia for å sikre dei som vil byggje nær sentrum, og ikkje minst for å lette trykket for dyrka mark. Vi blir fleire og folk vil trenge mat også i framtida, sa Kjell Olav Kusslid og fekk applaus frå forsamlinga.

Utbygging i Førdslia utløyser behov for veg forbi Sunnfjord Folkehøgskule. Her har dei hatt planar om utviding, mellom anna sju bueiningar som no er lagt på is.

Ole John Østenstad

SENTRUM: Rådmann Ole John Østenstad seier strategien er å byggje i sentrum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Den vegen vil øydeleggje for skulen si utvikling framover. Området blir delt i to. Vi ynskjer Førdslia, men vegen vil leggje band på utviklinga vår, sa inspektør Arne Håberg.

– Strategien er vekst i sentrum. Ved å opne opp for bygging i andre område, så vil dette punktere denne satsinga, svara rådmann Ole John Østenstad.

Ute på høyring

Kommunen vil også sjå på infrastruktur, ved å leggje til rette for kollektivtrafikk, gåande og syklande.

Planområdet er på til saman 348 dekar. Området for ny handelspark med leiligheiter utgjer 152 dekar.

Kommuneplanen er ute på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn fram til 26. januar.

Folkemøte om byutviklinga i Førde

STOR INTERESSE: Bystyresalen vart for liten for dei mange frammøtte.

Foto: Oddleif Løset / NRK