Hopp til innhold

Mange hundre tusen har sett dette på nett

– Det har nesten blitt for mykje. Eg har mista kontrollen, seier Jantsen Øverås.

Fredag publiserte han ein Instagram-video som syner eit tandemstøt på 240 kilo. Saman med Daniel Roness har han fått enorm merksemd for stuntet:

På berre fire dagar har om lag 220.000 sett videoen på Facebook-sida hans. I tillegg kjem eit ukjent tal på Instagram, og fleire hundre tusen visingar på andre Facebook-sider.

– Eg har ikkje lenger kontroll. Men all pr er god pr, ler Øverås.

Måtte halde seg borte frå sosiale medium

Tandemstøt er ikkje akkurat ei kvardagsleg øving i vektløfting. Det vanlege er at løftarane gjer øvinga individuelt. For Øverås og Roness er det mest for showet sin del.

Og det er tydeleg at mange synest det er artig å sjå på.

– Det har tikka inn meldingar i eitt sett på Facebook. Og det har ikkje vore betre på Instagram. Nesten litt for mykje, humrar Øverås.

Ei stund vart det så mykje at 20-åringen heldt seg borte frå sosiale medium for å få fred.

– Det vart mykje større enn vi hadde forventa. Men det er jo artig, då, seier han.

Jantsen Øverås og Gunnar Reiakvam

TAKTFAST: Trenar Gunnar Reiakvam hjelpte til med å halde takten under tandemløftet. Her er trenaren saman med Jantsen Øverås på eit tidlegare stemne.

Foto: Rune Fossum / NRK

Må unngå at løftet blir skeivt

Øverås er ein av Norges beste vektløftarar, og satsar i år hardt mot U20-EM. Han er derimot klar på at tandemløfting ikkje er noko å satse på.

Tidlegare har brørne Odd Gunnar og Håvar Røyseth frå Naustdal utmerkt seg med eit tandemløft på 275 kilo. Til samanlikning er verdsrekorden på heile 333,3 kilo.

– Folk synest nok at det er kult å sjå at vi er så synkroniserte. Vi fekk hjelp av trenar Gunnar Reiakvam, som talde taktfast, slik at vi greidde å løfte heilt likt. Utfordringa er om det blir skeivt – då får den eine veldig mykje av tyngda, seier Øverås.

Landslagskameratane løftar begge i klasse -69 kilo og er nokolunde jamsterke. Begge har som mål å kvalifisere seg til EM i Førde og Naustdal i 2016.

Jantsen Øverås

NORGESTOPPEN: Jantsen Øverås er mellom dei beste vektløftarane i Norge.

Foto: Rune Fossum / NRK

.