Hopp til innhold

Pass deg! Så lett er det å bli svindla på dating og chatting på nettet

Kvart år blir norske kvinner og menn lurte for store summar frå folk dei har møtt på nettet. Enkelte går personleg konkurs.

PC Nettdating

MANGE BLIR LURTE: I fjor betalte 120 norske menn og kvinner over 200 millionar kroner til personar dei hadde møtt på nettet. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Berit Roald / SCANPIX

Anne Dybo, rådgiver i Økokrim

HJELPER SVINDEL-OFRE: Anne Dybo er rådgjevar i Økokrim og får mange telefonar frå fortvilet folk.

Foto: Lasse Lerdahl

Rådgjevar Anne Dybo i Økokrim får kvar dag telefonar frå menn og kvinner som har blitt svindla eller nesten har blitt det.

– Svindel gjennom nettdating er det største problemet for tida når det gjeld bedrageri, seier ho.

I fjor betalte 120 norske kvinner og menn 200 millionar kroner til personar dei har treft på nettet. Og dette gjeld berre saker Økokrim har fått kjennskap til. Mørketala når det gjeld såkalla Nigeria-svindel er truleg høge.

Betalte 800.000 til svindlarar

I september blei ei kvinne i 40-åra dømd til samfunnsstraff etter at ho tok pengar av dotter si for å betale trugande svindlarar.

Det heile starta då kvinna kom i kontakt med ein mann på internett. Ho forklarte i Fjordane tingrett at ho blei forelska i denne mannen. Då han trengde pengar til eit gebyr for å få ut 8,5 millionar euro, lånte ho pengar til mannen. Seinare blei det fleire overføringar. Til saman overførte ho nesten 800.000 kroner til det som viste seg å vere svindel.

Bedrageriet mot dottera blei oppdaga då kvinna melde frå om trugsmåla frå såkalla «Nigeriasvindlarar». I møtet med politiet kom det fram at kvinna hadde lånt fleire hundre tusen kroner av si eiga utviklingshemma dotter for å betale svindlarane.

Fleire vaksne damer som blir utsette for dette

Anne Dybo i Økokrim har sett ei utvikling der fleire og fleire vaksne damer blir lurte av svindlarar gjennom nettdating og chatting.

Det er ikkje dei unge som blir lurt. Det er kvinner i alderen 40–75 år. Mange av dei er gjerne på jakt etter ein kjærast og kan vere i ein vanskeleg livssituasjon etter eit samlivsbrot. I tillegg har nettdating blitt meir akseptert og difor gjer fleire det.

– Svindlarane spelar på kjensler og tillit. Dei serverer gjerne tåredrypande historier. Vi har hatt kontakt med kvinner som faktisk ikkje vil innsjå at dei blir lurte. Mange blir fanga i ein situasjon der dei gjerne er litt sårbare. Dei er forelska i ein draum, seier ho.

Vanskeleg å innsjå alvoret

Enkelte har blitt så hekta at Økokrim slit med å få dei til å slutte å sende pengar. Ofte har dei teke kontakt med politiet fordi banken eller familie og venner har oppmoda dei om det.

– Mange har likevel problem med å innsjå alvoret. Er du skikkeleg hekta, er det vanskeleg, seier Dybo.

Profilane som blir oppretta har ofte bilete av tilfeldige pene menn og damer svindlarane har funne på nettet.

– Dei har gjerne også funne tilfeldige bilete på nett av born som dei presenterer som sine eigne. Vi ser også at trugsmål har blitt vanlegare for å folk til å betale.

Bankane kan ta grep

Dagfinn Nyhammer jobbar med kvitvasking av pengar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han blir kontakta av fortvila personar som har blitt svindla.

– Når folk ringjer oss, har det ofte gått så langt at dei har betalt inn pengar. Dei tek kontakt for å høyre om det kan vere reelt eller om dei har blitt lurte. Vi har nokre få tilfelle kvart år, men kvart einaste er eitt for mykje, seier han.

Alle norske bankar har rutinar når det gjeld å sjekke transaksjonar til utlandet.

– Om vi trur det er svindel på gang, tek vi grep. Det er vi pålagde å gjere. Har vi mistanke om svindel, har vi full høve til å sjå nærare på det.

Går i kjærleiksfelle

Tidlegare var banken mest i kontakt med folk som trudde dei skulle bli rike på ei investering i utlandet. I dag ser Nyhammer at det er flest som går i ei slags «kjærleiksfelle».

– Det startar med at dei kjem i kontakt med ein pen og sjarmerande person. Kvinna eller mannen blir kjenslemessig bunden og det endar opp med at dei sender pengar for å hjelpe med eit eller anna.

– Kvifor trur du folk bit på dette og betalar til folk dei aldri har møtt?

– Det er vanskeleg å vite. Det handlar vel om at kjærleik gjer blind. Det er mange som prøver å finne godtruande nordmenn for å lure pengar frå oss på ein uærleg måte. Folk bør tenkje seg om mange gonger før dei fører over pengar, seier han.

Får aldri pengane igjen

For desse pengane er stort sett alltid tapt. Økokrim jobbar med politiet i mange land i verda og bakmennene blir av og til tekne.

– Men pengane er stor sett borte. Dei får du aldri igjen. Kvinner som har blitt lurte føler seg ofte veldig dumme og får store problem med økonomien. Det er trist, for enkelte har brukt så mange pengar at dei går personleg konkurs, seier Anne Dybo.

Norge i verdstoppen

Problemet med svindel er verdsomspennande og ho skal i eit møte i London om temaet i november.

– Dette er eit stort problem og vi ser det overalt. Men Norge er faktisk i verdstoppen når det gjeld overførte pengar i forhold til folketalet. Vi i Norge har stort sett god økonomi og så er vi kanskje litt godtruande.

Dybo ser at det hjelper med førebygging og åtvaringar. Ho seier at bankane har blitt meir observante og får stoppa ein del svindel. Difor trur Dybo det blir færre tilfelle dette året enn i fjor.

– Håpet er sjølvsagt at folk ikkje bit på og lar seg lure, det gjeld både dei typiske svindelbreva og svindel ved chatting. Det er best om folk tek kontakt med oss før dei har tenkt å betale, seier ho.