Målpris - GLAD: Journalist og programskapar Eva Westvik (t.v.) får Sogn og Fjordane MÅllag sin målpris for 2012. Her saman med leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Aud Lunde. - Foto: Pressefoto /

GLAD: Journalist og programskapar Eva Westvik (t.v.) får Sogn og Fjordane MÅllag sin målpris for 2012. Her saman med leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Aud Lunde.

Foto: Pressefoto

Målprisen 2012 til NRK-journalist

Eva Westvik (42) får Målprisen for Sogn og Fjordane for 2012. Prisen får ho for å ha brøyta veg for barne-TV med høg kvalitet på nynorsk.

Westvik er kvinna bak suksesseriane ”Her er eg” og ”Klart eg kan” på NRK Super, og ho er tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Prisen vart delt ut av lokallagsleiar Aud Lunde på Sogn og Fjordane mållag sitt årsmøte.

– Du får prisen fordi du er med å skape gode språklege førebilete for ungane i Sogn og Fjordane og heile landet, sa Lunde då ho delte ut prisen.

Stolt og inspirert

– Eg er svært stolt av å ha fått denne prisen og for at de har sett det arbeidet vi har gjort, og det gir meg inspirasjon til å halde fram, sa prisvinnaren.

Ho meiner at det å vise fram kvardagen og språket til ungane i Sogn og Fjordane i barne-TV er godt for sjølvkjensla deira, og auka mangfald i NRK Super er bra for alle dei unge sjåarane.

Eva Westvik er busett i Måløy og tilsett i NRK. Ho har dei siste åra arbeidd på heiltid frå si base i Måløy og Sogn og Fjordane med å lage eigenutvikla nynorsk barne-TV i barnekanalen NRK Super.

Ho har laga 39 episodar av serien «Her er eg», og er no i gang med oppfølgjarserien "Klart eg kan".

Begge seriane handlar om born frå nynorskområde og deira liv. Seriane har blitt ein stor suksess på barnekanalen NRK Super. Programma er også seld til ei rekkje andre land.

Viktig nybrottsarbeid

Leiar i Noregs Mållag Håvard Øvregård var også til stades ved utdelinga og peika kor viktig serien ”Her er eg” har vore for nynorsk på NRK Super.

– Eva Westvik har borte isen og vist at kvalitetsbarnetv kan lagast utanfor Oslo, også på nynorsk, seier han og meiner prisvinnaren er viktig også utanfor Sogn og Fjordane.

Noregs Mållag har lenge satsa på born i førskulealderen.

– Born i Noreg bør møte både nynorsk og bokmål i eigen kvardag så tidleg som mogleg. Då er «Klart eg kan»-serien viktig for språklege sjølvtillit og sjølvkjensle for born i nynorskområde, seier Øvregård.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.
Den svenske bussjåføren som i Sogn tingrett blei dømt for aktlaust bildrap etter Fardalulykka - har fått avvist anken sin.
Anken blei avvist fordi bussjåføren ikkje sendte inn korrekte dokument i tide - og dermed kan dommen på 5 månaders fengsel bli ståande.
Med fantastisk vêr og god temperatur i vatnet hopar det seg opp på strendene rundt om på Vestlandet. Det gir god plass til dei få som vel å kome til badelanda, som nesten står tomme. Det gir også lite pengar i kassen for dei som driv innandørs badeland.