Hopp til innhold

Malkenes og Miljøpartiet dei Grøne inn på fylkestinget

For første gong blir Miljøpartiet dei Grøne, MDG, representert i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Stein Malkenes

GJENNOMBROT: Stein Malkenes er førstekandidat for Miljøpartiet dei Grøne til fylkestinget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Det er spesielt og veldig kjekt. Vi håpte vi skulle klare det og det gjorde vi. 1613 røyster i Sogn og Fjordane, det er eit bra gjennombrot, seier Stein Malkenes som er førstekandidat for MDG til fylkestinget.

Dermed er klart at eit nytt parti tar plass ved bordet i fylkestinget i Sogn og Fjordane. For han som skal ta plass ved bordet kom det som ei overrasking, sjølv om det var det dei håpa på.

– Vi var jo spente. Det kunne jo bli full fiasko nettopp fordi vi er så annleis, men vi har fått godt oppslutnad og det vil eg takke veljarane for.

Bølge over landet

Malkenes trur mykje av forklaringa på det gode resultatet for Miljøpartiet dei Grøne i hovudsak skuldast to ting. Det ein er den bølga som går over landet. Det er andre er eit ynskje frå veljarane om noko anna.

– Under valkampen kom mange bort til meg og sa at dei hadde røysta på meg fordi dei tykte det var så trist å høyre på dei andre politikarane. Då er det kanskje eit spark bak til dei etablerte politikarane om at vi skal gjere ting på ein annan måte og det kan eg kanskje bidra med.

Fokus på transport

Malkenes lovar at veljarane skal merke at Miljøpartiet dei Grøne har fått plass i fylkestinget.

– Eg vil snakke om heilt andre saker enn det som har vore vanleg i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Ei av sakene MDG vil har eit særskilt fokus på er transport. Sogn og Fjordane har tradisjonelt vore eit vegbyggingsfylket.

– Det har vore litt "ja, vi skal bygge veg, men kva var spørsmålet". Vil diskutere kva vi treng alle desse vegane til. Kan vi til dømes flytte all trailertrafikken over på sjøen? Kan vi finne måtar som er smartare, billigare og meir klimavenlege, seier Malkenes.