Hopp til innhold

Malene (18) avgjer framtida for familiegarden

Skal Malene Hamn Elnes setje seg i stor gjeld eller avvikle familiegarden? Ho må bestemme seg innan 2024.

Malene Hamn Elnes

MO JORDBRUKSSKULE: Malene Hamn Elnes Går i dag på Mo Jordbruksskule. Ho har ikkje bestemt seg for om ho skal satse å drive familiegarden når ho er ferdig med skulegangen.

Foto: Even Lusæter / nrk

18-åringen er odelsjente til ein mellomstor gard i Eivindvik i Gulen. Driftsbygningen har i dag ein tradisjonell båsfjøs.

Men skal dei halde fram med mjølkeproduksjon må dei leggje om til lausdriftsfjøs innan 2024. Ei investering på mellom fem og seks millionar kroner. Dette er ein lagnad familien deler med 700 andre mjølkeprodusentar i Sogn og Fjordane.

– Eg vel å sjå positivt på dette, og meiner det er ein moglegheit, seier 18-åringen.

Malene går i dag siste året på Mo jordbruksskule, men framtida hennar er uviss. Far hennar, Roar Elnes, har ikkje bestemt seg for om han vil satse på ei stor og kostnadskrevjande ombygging.

– Malene har valt denne utdanninga sjølv og er tydeleg interessert. Men det er store val å ta i ung alder, seier pappa Elnes.

Alle må over på lausdrift

Onsdag var over 200 engasjerte gardbrukarar samla på Skei. Tema var utfordringane dei små og mellomstore mjølkeprodusentane møter når dei skal leggje om til lausdrift.

I dag kjem vel 35 prosent av den totale mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane frå moderne lausdriftsfjøs. Om åtte år skal det gjelde all produksjon.

– Vi skal vere optimistiske, så langt som vi kan, sa rådgjevar i Tine, Jo Helge Sunde frå talarstolen.

Fryktar mykje mjølk går tapt

Han vedgår at det blir vanskeleg.

– Skal vi lukkast med å få med alle over til lausdrift innan 2024, må 7,5 millionar liter over på lausdrift kvart år fram til fristen, seier Sunde og slår fast at det ganske enkelt ikkje kjem til å skje.

Med dagens utbyggingstempo vil fylket mangle om lag 30 millionar liter mjølk i 2024, ifølgje Sunde.

– Blir ikkje kravet utsett, vil vi miste 30 prosent av verdiskapinga knytt opp mot mjølk, det vil vere ei katastrofe for Sogn og Fjordane.

Avgangselevar ved Mo jordbruksskule

TIL STADES PÅ TEMAMØTE: Avgangselevane på Mo jordbrukskule var på temamøtet på Skei og fekk høyre om utfordringar og moglegheiter fram til forskrifta trer i kraft i 2024. Frp høgre Synnøve Nyhammer, Malene Elnes, Inger Kristine Hatlegjerde, Linea Kalstad.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Eg har veldig lyst å overta

Roar Elnes veit det handlar om å satse no eller å avvikle drifta. Han er samtidig skeptisk til å gje vidare ein gard med stor gjeld.

– Ein er avhengig av å få kjøpt mjølkekvote og areal om ein skal greie å forsvare ei så stor investering. Og så må ein ha nokon som ynskjer å ta over.

Malene sjølv ser ikkje heilsvart på å ta over ein gard med gjeld.

– Ein er forplikta til å betale ned gjelda, men så lenge ein klarar halde produksjonen oppe, trur eg ikkje det blir eit problem.

– Kor lyst har du til å bli mjølkebonde?

– Eg har veldig lyst å overta. Men eg vil ikkje overta åleine, så eg må finne meg ein mann med same interesser først, flirer ho.