Hopp til innhold

«Målaren viste 65 varmegrader i kabinen»

Dei 39 passasjerane og mannskapet på tre personar fekk ei ubehageleg varm oppleving då dei onsdag skulle med Widerøe frå Gardermoen til Førde.

Widerøe Dash 8-103 GARDERMOEN

ILLUSTRASJON: Widerøes rute WF 0193 til Førde måtte returnere til Gardermoen grunna skyhøg temperatur i kabinen.

Foto: Lien, Kyrre, Kyrre Lien / SCANPIX / SCANPIX

Dash 8-100-maskinen var venta til Førde klokka 1842. Men grunna teknisk feil med aircondition, landa det først klokka 2037.

– På grunn av ein feil på aircondition, vart det ubehageleg varmt i kabinen. Om lag halvveges måtte flyet returnere til Oslo der passasjerane vart sendt med eit reservefly, fortel informasjonssjef Silje Brandvoll.

65 varmegrader

Lisa Befring Aven frå Førde var ein av passasjerane om bord. Etter eit kurs over tre dagar i hovudstaden såg ho fram til å komme heim. Men flyturen som vanlegvis tek kring 50 minuttar, vart avbroten om lag halvveges.

Lisa Befring Aven

LETTA: Lisa Befring Aven fortel at passasjerane var letta over møtet med 15 varmegrader på Gardermoen.

Foto: Privat

Ho kan skrive under på at det vart varmt i kabinen. Frå dei letta, til dei landa att.

– Det var skikkeleg trykkande, klamt og varmt. Det gjekk greitt for min del, men eg måtte bruke tryggleiksbrosjyren som vifte. I cockpit var det like varmt som i kabinen, og kapteinen opplyste at målaren viste 65 varmegrader, fortel ho.

– Er det ein temperatur som høyrest truleg ut for deg?

– Det var i alle fall skikkeleg varmt. Eg vil seie det var som i ei badstue.

– Godt då dørene opna

Silje Brandvoll

INFORMASJONSSJEF: Silje Brandvoll i Widerøe.

Foto: Widerøe

Brandvoll kan ikkje gå god for den opplyste temperaturen i kabinen, men seier flyet returnerte til Gardermoen fordi det ikkje er flyteknikarar i Førde. Samstundes var det også kortare tur til hovudflyplassen enn til Førde.

Befring Aven seier at sjølv om det var ubehageleg, så gjekk det heile veldig greitt føre seg.

– Folk var rolege, men det var ei lette då dørene vart opna att på Gardermoen, seier ho.

Då var temperaturen ein heilt annan også.

– Der var det 15 varmegrader, og akkurat det var det mange som tykte var heilt greitt. Ein passasjer fortalde meg at ho hadde svima av om ho hadde måtte sitje lenger, legg Befring Aven til og rosar mannskapet om bord på flyet.

Sov på andre turen

– Mannskapet var hyggeleg og tilbydde oss kaldt vatn på veg tilbake til Gardermoen.

– Du har ikkje blitt skremd etter hendinga?

– Nei, på ingen måte. Eg sov heile vegen heim på tur nummer to.

Flyet skulle opphavleg gått vidare frå Førde til Bergen og Oslo. For å spare tid gjekk flyet i staden i retur til Oslo. 2033-avgangen til Bergen vart innstilt og Brandvoll opplyser at passasjerane til byen mellom dei sju fjell fekk alternativ reisemåte.