Hopp til innhold

Vart lova fem millionar etter brannen, men pengane må takast frå andre

Regjeringa lova Lærdal fem millionar kroner til Lærdal etter storbrannen i januar. Men pengane må takast frå omstillingskommunar. Ordføraren er fortvila.

Jan Geir Solheim

FORTVILA: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, skjønar ikkje var som har skjedd. Omstillingsmidlane dei vart lova må no hentast frå andre omstillingskommunar.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Eg skjønar ikkje kva som har skjedd. Det var veldig viktig når vi søkte omstillingsmidlar at det ikkje skulle gå utover nokon andre, men no kan det nesten sjå ut som om nokon har rekna feil. Det seier ein fortvila Lærdal-ordførar, Jan Geir Solheim (Sp).

Etter storbrannen i vinter søkte Lærdal om ekstrapengar frå staten. Det vart dei lovd i eit brev frå kommunaldepartementet til fylkeskommunen 23. mai:

«Lærdal kommune har også søkt om ekstraordinære omstillingsmidlar på til saman 30 mill. kroner i perioden 2015–2017. Fylkeskommunen fordeler dei ordinære omstillingsmidla, og Lærdal har teke imot midlar i perioden 2012–2014. Grunna brannen finn departementet det rimeleg at omstillingsperioden forlengast med eit år. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil difor få auka sin ramme med 5 mill. kroner i statsbudsjettet for 2015. Desse midla vil bli løyvd til fylkeskommunen, men øyremerka til Lærdal».

Håper nokon berre har gløymt vedtaket

Men i statsbudsjettet var pengane lagt inn som ein del av den totale ramma, som dessutan var 700 tusen mindre enn førre år. Altså ingen ekstrapengar eller øyremerking.

– Eg håpar og trur at nokon har gløymt det vedtaket, og at den samla overføringa eigentleg skal vere fem millionar høgare. Og då er det ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune sin skyld, men departementet, seier Solheim.

– Det er problematisk for oss å handtere det, seier fylkesnæringsdirektør Jan Heggheim.

Må ta pengar frå andre kommunar

Jan Heggheim

MÅ TA FRÅ ANDRE: Fylkesnæringsdirektør Jan Heggheim må finne andre løysingar for gi Lærdal dei pengane dei er lova.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Heggheim må no føreslå ei løysing. Ved å ta litt pengar frå dei to andre omstillingskommunane Askvoll og Hyllestad, og litt frå andre sektorar kan Lærdal få totalt fem millionar. Men ikkje dei om lag 8,5 dei eigentleg skulle hatt til saman.

– Det er ikkje tvil om at det alltid er ei reel fare for at eit prosjekt som ein anten har starta eller er i gong med å starte, då må setjast på vent i dei andre kommunane. Og det er ikkje ønskjeleg, seier Heggheim.

Hovudutval for plan og næring skal ta endeleg stilling til dette i neste veke.

Lovar at midlande vert øyremerka

– Vi sende eit brev 23. mai til fylkesmannen og sa at Lærdal skulle få fem millionar til omstillingsarbeid, og dei skulle øyremerkast. I brevet det her vert referert til, så er det eit reint orienteringsbrev, ut ifrå forslaget til statsbudsjett som var lagt ut, Statssekretær i kommunaldepartementet, Jardar Jensen.

Det endelege oppdragsbrevet kjem etter at statsbudsjettet er vedteke. Jensen seier det vil stå at fem millionar er øyremerka til Lærdal.