Hopp til innhold

Må sjølv leggje pengar i potten

Førde sine volleyballherrar er regjerande seriemeistrar, men økonomien ligg på ingen måte på same nivå. Spelarane må sjølve betale for å sikre laget ein plass i Nordic League.

Førde VBK dansar i ring - jublar for seriegull

MÅ SJØLVE BETALE: Førde sine volleyballherrar må sjølve vere med å betale for å sikre laget ein plass i Nordic League.

Foto: Rune Fossum / NRK

Både privatpersonar og spelarane sjølve har måtte bidra for å sikre nok pengar til at laget kan delta i Nordic League, skriv avisa Firda.

Ifølgje sportsleg leiar Martin Berntsen i Førde volleyballklubb brukte klubben lang tid før dei på overtid kunne stadfeste at dei vil vere med i både Nordic League og europacupen. Dei store økonomiske kostnadane gav klubben hovudbry.

– Vi var veldig i tenkeboksen med tanke på økonomien i det heile. Å delta i både nordisk og europacupen er dyrt, og det merka vi godt i fjor, seier Berntsen til Firda.

Klubben har no inngått ein avtale som gjer at kvar spelar har gått inn med 3000 kroner. I tillegg har ei rekkje privatpersonar sagt dei vil spytte inn pengar i potten, til saman bidreg dei med 60.000 kroner. Ein av dei som bidreg er Jan Ove Hafstad.

– Dette er ein måte å halde klubben attraktiv for gode spelarar på. Vi veit at klubben har eit godt rykte på seg, og vi ønskjer at mange unge og lovande spelarar skal velje Førde, seier han til avisa.