Hopp til innhold

Må planleggje kommunereform i stor uvisse: – Økonomi er avgjerande

Lokalpolitikarar og KS er kritiske til at regjeringa vil vente i eitt år med å avsløre framtidas inntektssystem for kommunane.

Ola Teigen

VIL VITE MEIR: Ola Teigen vil ha meir informasjon om kommuneøkonomien i framtida, før ein gjer vedtak om kommunesamanslåing.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er litt dumt at departementet ikkje er tidlegare ute med informasjonen som vi treng for å gjere gode vedtak, seier Ap sin ordførarkandidat i Flora, Ola Teigen.

Han er ein av mange folkevalde kring om i landet som no jobbar med regjeringa sin store kommunereform.

Økonomi er avgjerande

Jenny Følling

KRITISK: KS-leiar Jenny Følling er kritisk til at informasjonen frå regjeringa ikkje kjem før neste år.

Foto: Alf Vidar Snæland

Alternativa for Flora er fleire, men kva utslag ein kan få økonomisk er uvisst, meiner Teigen. Regjeringa vil vente heilt til mai neste år med å avsløre det nye inntektssystemet, samstundes går fristen ut månaden etter med å gjere endelege vedtak om samanslåing.

Ventinga inneber at kommunane må vurdere kommunesamanslåingar utan å vite sikkert korleis økonomien kan bli i framtida.

– Kommuneøkonomi er jo eit heilt avgjerande element i kommunereforma, seier Teigen.

Også leiar i KS i Sogn og Fjordane Jenny Følling er kritisk.

– Det gjer diskusjonane vanskelege, og det medfører at kommunane må planleggje under stor uvisse, så KS er kritiske til at ein ikkje kan leggje fram desse tala før, seier Følling.

Ingen store endringar

Jardar Jensen

USAMD: Jardar Jensen i kommunal- og regionaldepartementet, seier det ikkje vert store endringar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet Jardar Jensen frå Høgre er usamd i kritikken.

– Vi veit kva vi har å forholde oss til i dag, og vi har også varsla at vi skal sjå på inntektssystemet og endre det. Men det vil ikkje bli store endringar, for det har ikkje kommune-Norge godt av, seier Jensen.

Regjeringa varsla førre veke at dei kommunane som slår seg saman vil behalde ei rekkje tilskot slik som i dag dei neste 15 åra, mellom anna småkommunetilskota, basistilskot og regionalpolitiske tilskot. Etterpå blir det ei gradvis nedtrapping. Det er også blitt varsla om ei overgangsordning på fem år for differensiert arbeidsgjevaravgift.

Men KS er likevel skeptiske. Jenny Følling seier at då regjeringa endra inntektene til fylkeskommunane i fjor, kom det store og dramatiske endringar for utkantfylka. Ho meiner det trengst meir informasjon.

– Dersom det ikkje kjem noko særleg med endringar, kvifor legg dei ikkje det fram no? Det burde vore enkelt, seier Følling.