Hopp til innhold

Må leve med mange rovdyr også neste år

Beitenæringa i Sogn og Fjordane legg bak seg eit trasig år, med over tre gonger så store tap av beitedyr som i eit normalår. At alle rovdyra er vekke til neste sesong er det lite håp om, trur rovdyrforvaltarane.

Lam drepe av jerv

TAP: Jerven sine herjingar har vore ei stor plage for sauebønder i 2014, at alle jervane er ute av Sogn og Fjordane til sommaren 2015 er lite realistisk trur rovdyrforvaltinga.

Foto: Statens Naturoppsyn

– At det skal vere tomt for jerv i Sogn og Fjordane ved beitestart er nok urealistisk å tru at vi klarer, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Det er gjeve fellingsløyve på ti jervar, og Miljødirektoratet har også gjeve løyve til ekstraordinært uttak, og jakt på sporsnø. Det er leiar i rovviltregion 1, der Sogn og Fjordane høyrer til, Noralv Distad letta over, men han trur det blir krevjande å få felt alle dyra.

I dag var Kontaktutvalet for rovdyr samla på Skei for å diskutere situasjonen og kva som må gjerast.

Kontaktutvalet for rovdyr var samla til møte på Skei i dag.

NÆRINGA: Beitenæringa og rovviltforvaltinga møttest til møte på Skei for å diskutere situasjonen i fylket.

Foto: Eldgrim Fossheim

Håpar, men trur det blir vanskeleg

– Det er ei stor oppgåve ein har føre seg med uttak fram mot beitestart. Det er alt for krevjande å felle ti dyr, men ein del vil jakte og forhåpentlegvis lukkast med å felle nokre dyr, seier Distad.

– I tillegg er det heilt naudsynt med eit ekstraordinært uttak i regi av SNO, slår Distad fast.

Tala for beitesesongen 2014 har vore nedslåande for sauenæringa. Bøndene har søkt om rovdyrerstatning for 860 sauer og lam som følgje av jerven sine herjingar. Spesielt i Lærdal og Årdal har næringa vore plaga av rovdyret.

Rovdyrforvaltinga står klare og vil jakte det dei klarer, men Golf trur det blir vanskeleg å få tak på alle.

– Det er ei heilt umogleg oppgåve. Jervane streifar att og fram, den kan vere her no og neste gong i Oppland eller andre stader i Sør-Norge.