Hopp til innhold

Må klare seg lenge utan bru

Statens vegvesen seier det vil ta månader å bygge ny veg og bru på fylkesveg 613 ved Blakset i Stryn.

Fv 613

STENGD: Vatnet tok med seg vegen og brua mellom Tvinnereim og Blekesvingen, ved Steindøla i bru.

Foto: Kjell Nesje

Elva Steindøla gjekk over sine breidder måndag og reiv med seg brua og 40 meter av vegen. løpet av 12 timar blei det sett nedbørsrekord på 80 mm i Stryn.

Store øydeleggingar

Uvêret øydelag fleire vegar i fylket og vegvesenet har vore på synfaring i dag for å sjå kor store øydeleggingane har vore.

Dei store nedbørsmengdene førde til flaumstore vassdrag og stengde vegar. Verst råka vart Blakset i Stryn og Lote i Eid der til saman 43 personar vart evakuerte. Dei fekk måndag kveld vende heim igjen .

Satsar på mellombels bru

Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier dei no jobbar for å få på plass ei mellombels bru ved Blakset.

– Vi har i dag hatt folk på staden som har sett på vegen. No skal vi få tak i folk som har greie på midlertidige bruer. Når desse personane har vore her og sett, kan vi seie raskt det eventuelt kan gå å få på plass ei mellombels bru. Eit par veker vil det nok i alle fall ta å få på plass noko mellombels, seier Slinde.

Video Elva kom inn huset

SJÅ VIDEO: Dramatisk då elva fossa inn i huset hans i Stryn - får ikkje flytta heim att før om eitt år.

Video Flaum på Lote

SJÅ VIDEO: Store øydeleggingar etter flaumen