Hopp til innhold

Må i fengsel for vald mot politiet

Ein sunnfjording må sone 24 dagar i fengsel etter å brukt skjellsord og dytta ein politimann i magen og brystet.

Fjordane Tingrett
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dette skjedde i fjor haust ved eit lukka arrangement i eit forsamlingshus i Sunnfjord. Politiet rykka ut etter dei fekk tips om det som kunne vere ei fyllekøyring.

Då dei to politibetjentane kom fram, blei dei fortalt kven som hadde vore sjåfør og passasjer. Den eine betjenten tok kontakt med personen som skulle ha fyllekøyrt, medan den andre tenestemannen tok kontakt med tiltalte som skulle ha vore passasjer.

Blei aggressiv

Mannen blei gjort merksam på at han ikkje var mistenkt for noko, likevel var han svært aggressiv. Den andre politimannen ville difor hjelpe til. Etter kvart blei den tiltalte sint og han blei heldt fast opp mot politibilen

Sunnfjordingen dytta då den eine politibetjenten i magen. I mellomtida stakk den andre personen som var mistenkt for promillekøyring av.

Då politimannen kom tilbake litt seinare og fekk snakka med sjåføren, var den tiltalte mannen igjen hissig. Han brukte fysisk makt for å hindre at politiet skulle ha kontroll på den pågripne sjåføren.

Den rusa sunnfjordingen fekk på seg handjern og skulle takast med til lensmannskontoret. Det blei eit basketak mellom politiet og tiltalte og han måtte berast med ut i bilen. Han var då utagerande og brukte skjellsord mot politiet.

Sa seg ikkje skuldig

Tiltalte sa seg ikkje skuldig då han møtte i retten. Ifølgje dommen frå Fjordane tingrett har det vore ein langvarig praksis at det i hovudregelen skal reagerast med fengsel utan vilkår for vald mot politiet.

Sunnfjordingen har tidlegare fått bot for å ha forulempa ein offentleg tenestemann og for valdskriminalitet. Retten ser likevel ikkje på mannen som ein typisk gjengangar, men meiner det likevel er skjerpande at han ikkje har teke lærdom av tidlegare straffer

Fjordane tingrett dømde mannen til 24 dagar i fengsel og han må betale 5000 kroner i sakskostnader.