Hopp til innhold

Må betale tilbake 800.000 kroner

Sogndal kommune må betale tilbake 800.000 kroner til Sogn regionråd. Rekneskapsfeil oppdaga etter fem år.

Rådmann Jostein Aanestad (t.v.) og ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal

FOR MYKJE: Sogndal kommune har fått 800.000 kroner for mykje som verdskommune for Sogn regionråd. Rådmann Jostein Aanestad (t.v.) seier dei vil betale tilbake alt i år.

Foto: Geir bjarte Hjetland / NRK

Pengane som kommunen har fått for mykje som vertskommune for Sogn regionråd, skulle ha kome dei sju andre medlemskommunane i rådet til gode.

Regionrådet får den spesielle og innfløkte saka på bordet på neste møte 25. oktober.

– Det er veldig viktig at vi så raskt som mogeleg rettar opp i det, slik at pengane kjem dit dei høyrer heime, seier leiar i regionrådet, Noralv Distad (H).

Vart ikkje trekt

Bakgrunnen er at Sogndal i mange år har vore vertsskap for sekretariatet i regionrådet. I 2004 vart det skrive under ein avtale der Sogndal skulle få betalt tilbake momsen på utgiftene kommunen hadde knytt til dette rådssekretariatet.

Noralv Distad

LEIAR: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), er leiar i Sogn regionråd.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På denne tida vart det statlege rammetilskotet til kommunane rekna ut etter kor mykje momskompensasjon den einskilde kommunen fekk. Dei siste fem åra er rammetilskotet blitt rekna ut utifrå andre kriterium.

Sidan overgangsordninga vart avvikla i 2008 har kommunen halde fram med å få momskompensasjon, utan å bli trekt tilsvarande av rammetilskotet.

– Det er ein stor sum som kan styrke regionrådet sitt arbeid, seier Distad om dei 800.000 kronene Sogndal har fått for mykje i momskompensasjon.

Fører ikkje til kutt

Feilen vart oppdaga tidlegare i år, og både Kommunal- og regionaldepartementet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vore kopla inn i saka. Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, seier dei vil betale pengane tilbake i løpet av året.

Han seier det ikkje vil bety kutt i velferdstenestene i kommunen.

– Her er det nok snakk om å flytte nokre pengar frå eitt fond i kommunen, til eit anna fond som høyrer til Sogn regionråd, seier han.

Burde vore oppdaga

– Burde kommunen oppdaga dette før?

– Ja, det kan godt tenkast at kommunen, regionrådet eller nokon andre burde sett dette. Men vi hadde ein revisor som vurderte korleis dette skulle gjerast i rekneskapen då ordninga kom. Etter at vi fekk melding om at dette må gjerast på ein annan måte er det teke tak i saka for å få rydda opp i det.