Hopp til innhold

Danske Bank dømd til å betale Bremanger kommune

Bremanger kommune har vunne fram i rettssaka mot Danske Bank. Banken er dømd til å betale tilbake nær 1,7 millionar kroner. Saka kjem i kjølvatnet av Terra-skandalen der kommunen tapte 230 millionar kroner

Terra Securities

VANN RETTSSAK: Bremanger kommune har vunne ei viktig rettssak mot Den Danske Bank etter Terra-skandalen.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Bremanger kommune vann fram i saka mot den danske bank, om å få ugyldiggjort låneavtalar som vart inngått i 2006 og 2007.

Oslo Tingrett har også dømt Danske bank betale tilbake nærare 1,7 millionar kroner i sakskostnadar. Møter Danske Bank i retten

– For oss er dette enormt viktig, seier rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen. Vi har til dags dato bokført eit tap på desse avtalene fram til i dag på nærmare 80 millionar kroner. Tingretten har imøtekomme oss på alle punkt, og første og fremst at desse avtalene er ugyldige.

(Saka held fram under biletet)

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

FORNØGD: Rådmannen i Bremanger, Tom Joensen, er fornøgd med utfallet etter rettsaka mot Danske Bank. Rettssaka er ein av fleire i kjølvatnet av Terra-skandalen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rådmannen forklarar at retten har funne at kommunen skal gjerast "skadeslause", noko som betyr at kommunen skal betale tilbake ein opsjonspremie som i si tid vart utbetalt til kommunen for å ha inngått avtalen.

– Konkret så er dette rekneskapstekniske forhold, det er ikkje ein pengestraum. Den bokførte verdien ved inngangen til året var minus 80 millionar.

Enklare kvardag i kommunen

– No skal dette nullstillast når vi skal betale tilbake opsjonspremiar. Så det betyr at vi kan redusere det akkumulert underskotet med omlag 60 millionar kroner.

Betyr dette at kommunen får betre økonomi?

– Ja definitivt. Det betyr at vi løpet av dette året får redusert det akkumulerte underskotet vårt med 80 millionar og ved inngangen tilåret var det på 170 millionar.

– Det betyr at vi snakkar om eit akkumulert underskot som skal dekkast innan utgangen av 2018 og er på ca 90 millionar. Så det gjer jo kvardagen vår i tida framover mykje enklare.

Saka held fram under biletet.

Kommunevåpen Bremanger

BETRE ØKONOMI: Bremanger kommune får betre økonomi etter å ha vunne rettssaka i Oslo tingrett.

Viktig siger

– Dette var enormt viktig fordi dette har vore dei avtalene som har lagt i rekneskapen som vi ikkje kunne forutsjå utviklinga på, dei andre tapa er tatt. Så her har vi hatt ei negativ utvikling på sidan Terra-saka sprakk.

Berre sidan Joensen byrja som rådmann i Bremanger kommune har desse forverra seg med omlag 40 millionar. Dermed var det som var bokført som tap etter Terra-skandalen på 230 millionar kroner, men på toppen har kommunen tapt ytterlegare 40 millionar.

Neste rettssak står om forsikring. Der møter alle Terra-kommunane i retten i januar. Då er det summen som skal diskuterast. Så går det ei rettssak i USA mot Citygroup.

– Det svekkar i alle fall ikkje dei sakene vi har gåande, seier Joensen.