Hopp til innhold

–Velferdsordninga er for dårleg

Inntekta til avløysarane aukar langt raskare enn velferdstilskotet til bøndene. Dermed må bøndene sjølv punge ut for å kunne ta ferie.

Ole Johnny Stubhaug

MÅ BETALE FOR FERIE: - Eg har fått den kommentaren at eg har fått ei uvane, for eg har lært å ta fri, seier bonde Ole Johnny Stubhaug.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Bønder som vel å ta seg ferie er nøydd til å betale av eiga lomme. For medan lønningane til avløysarar har auka med om lag femti prosent dei siste ti åra, har avløysartilskotet berre auka med litt over tretti prosent i same periode.

Betalar for eigen ferie

Ole Johnny Stubhaug frå Angedalen i Førde er ein av dei som prioriterer å ta ferie, trass i at han sjølv må betale for den.

– Eg har fått den kommentaren at eg har fått ei uvane, for eg har lært å ta fri. Det er jo litt pussig at dei kallar det å ha ei uvane, seier Stubhaug.

– I mitt tilfelle så vil eg ha ei lang helg i månaden, og for meg som familiefar blir det for få dagar som er dekka av tilskotet. Dermed må eg betale av eiga lomme.

– For dårleg velferdsordning

Leiar i Bondelaget i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, meiner velferdsordninga for bønder er altfor dårleg.

– Det merkast at når det er snakk om rekruttering inn til næringa så er velferdsordninga ein av dei tinga som blir sett fokus på, og dei er for dårlege i dag, seier Hilleren.

Likevel prioriterer Stubhaug å ta fri frå fjøsstellet også i år.

– Eg har planlagt ei veke ferie, og er eg heldig så blir det litt meir, seier bonden.

– I fjor hadde eg faktisk tre veker samanhengande ferie for første gong i historia. Det var kjempestas.

Vil prioritere avløysartilskot

Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Harald Oskar Buttedahl, er samd i at bønder jobbar generelt for mykje. Likevel meiner han at det har vore ei svært positiv utvikling i velferdstilskotet til bønder sidan 2006.

– Vi prøver så godt vi kan å bidra til at bønder skal ha moglegheit til avløysar, men vi må vi sjå det litt i samanheng med moglegheita bøndene har til å lønne folk ut frå den inntekta dei får frå garden. Så det er vel ikkje meininga at tilskotet skal dekkje avløysarlønningane totalt sett.

Ifølgje Buttedahl brukar staten per i dag 1,6 milliardar kroner på diverse velferdsordningar til yrkesutøvarar i landbruket. Og statssekretæren seier departementet har store ambisjonar om å halde fram med utviklinga.

– Kor høgt er ei tilskotsutvikling prioritert?

– Det var eit veldig heitt tema i våre førebuingar til jordbruksoppgjeret i år, og vi la inn ei auke i statens tilbod. Tilskotet kunne dermed ha blitt høgare om det hadde blitt noko av forhandlingane. Så det var høgt prioritert i tilbodet, og det kjem til å vere høgt prioritert i tida framover også.