Hopp til innhold

Må betale dyre sertifikat sjølve

Arbeidsledige sjøfolk må sjølv punge ut for dyre sertifikat, som dei er avhengige av for å få seg ny jobb.

Sigve Vårdal Itland

DRAUMEJOBBEN: Sigve Vårdal Itland er igjen på sjøen, men for eit halvt år sidan situasjonen alt anna enn lys.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Samstundes er det ingen automatikk i at NAV gir stønad til slike kurs, som kan koste opp mot fleire titals tusen kroner.

– Det er veldig surt at kurs som du må oppdatere anna kvart år eller femte kvart skal bli avgjerande, seier Sigve Vårdal Itland.

Vårdal Itland har lenge gått arbeidsledig fordi han mangla den naudsynte sertifiseringa.

Måtte selje huset

I dag er han i jobb igjen, men for eit halvt år sidan situasjonen var beksvart. Den kokekyndige lettmatrosen fekk sparken då reiarlaget han jobba for måtte nedbemanne.

– Du er ikkje førebudd på noko slikt. Det er ein kraftig smell. Eg sjølv måtte gjere ein del omprioriteringar, og blant anna selje huset mitt, seier Vårdal Itland.

Utan jobb ville heller ingen betale for resertifisering og naudsynte kurs han må ha for å jobbe på båtar eller oljeriggar.

Dermed møtte han stengde dører når han søkte på jobb.

Før året er omme må 23 000 sjøfolk oppdatere sertifikata sine. Dette er svært kostbare kurs, som arbeidsgivar vanlegvis betaler for. Dersom du då ikkje er permittert eller oppsagt, slik mange er no. Og utan sertifikat – ingen jobb.

Mange i same situasjon

Før året er omme må 23 000 sjøfolk oppdatere sertifikata sine. Dette er svært kostbare kurs, som arbeidsgivar vanlegvis betaler for. Dersom du då ikkje er permittert eller oppsagt, slik mange er no. Og utan sertifikat – ingen jobb.

Vårdal Itland stod i ein situasjon der ingen arbeidsgjevar ville betale utgiftene til resertifisering.

Hos NAV fekk han avslag fordi han er utdanna kokk og kunne bruke kunnskapen på land, i tillegg til at det var usikkert om han ville få ny jobb sjølv med sertifisering på plass.

Are Tomasgard

UHELDIG: LO-sekretær Are Tomasgard.

Foto: Trond Isaksen / LO

Are Tomasgard i LO synest det er uheldig at sjøfolk kjem opp i slike problem.

– Kokkar er det mange av på land også, men de tvi snakkar om her er sertifikat for kunne oppretthalde yrket sitt på sjøen. For når sjøfarten igjen tar seg opp igjen, vil det også vere bruk for kokkar på sjøen, seier Tomasgard.

Sør- og Vestlandet hardt råka

Nedgangen i oljeindustrien er merkbar i heile landet, men spesielt på Sør- og Vestlandet.

Det er venta at meir nedbemanning i fleire sektorar. Berre sidan mai for to år sidan har talet arbeidslause auka med 47.000 personar.

Direktør i NAV Nordland, Kjell Hugvik

INDIVIDUELL VURDERING: Arbeids- og tenestedirektør Kjell Hugvik

Foto: NRK

Arbeids- og tenestedirektør Kjell Hugvik understrekar at NAV gjer det dei kan frå sak til sak. Det er ikkje automatikk i at NAV skal betale resertifisering for arbeidslause sjømenn.

– Det må alltid gjerast ei individuell vurdering. Hovudkriteriet er om dette er naudsynt. Er det naudsynt med denne kvalifiseringa for å kome i jobb. Aukar dette jobbsjansane, og er dette noko arbeidsgjevarane spør etter, seier Hugvik.

Fekk draumejobben

For den kokekyndige lettmatrosen løyste det heile seg då hans noverande arbeidsgivar sa at han skulle få jobb – dersom NAV betalte for sertifisering.

Vårdal Itland er glad han slapp å ta opp eit lån for å komme seg i arbeid igjen. I motsetnad til mange av kollegaene hans har han fått draumejobben.

– Svært mange av kollegaene eg hadde fekk fyken på grunn av at dei mangla kurs, eller ikkje hadde alle kursa oppdaterte. Det er slikt som reiarlaga vanlegvis har betalt, men når dei må kutte utgifter så gjer dei det.