Hopp til innhold

Har aldri vunne noko som helst - i dag klinka Terje til

For første gong i Jølster Maraton si 32-årige historie stakk ein jølstring av med sigeren. Terje Lyngstad (47) vann på tida 2,59,55.

Terje Lyngstad vann Jølster Maraton

KUNNE JUBLE: Terje Lyngstad var godt nøgd med sin aller første siger.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Eg har aldri vunne noko som helst i heile mitt liv, så dette var stort. Veldig, veldig kjekt og moro, seier Lyngstad, etter målgang.

Men han legg ikkje skjul på at det var knallhard jobbing, spesielt på slutten.

– Det var veldig varmt, og siste kilometrane sprang eg berre med hovudet. Eg tenkte på kjærasten, og på foreldra mine som venta ved mål. Det heldt heilt inn, seier Lyngstad, som bur i Førde, men spring for Jølster IL.

Var stort for foreldra

Han er oppvaksen eit knapt steinkast frå start- og målgang, og innrømmer at det nok var ekstra spesielt for foreldra å sjå sonen springe inn til førsteplass.

– Eg trur det var stort for dei. Pappa var nesten på gråten, seier Lyngstad.

Han har drive med springing lenge, men satsa for fullt att på lengre løp i 2005–2006. Sidan har det vorte mange maraton. I år har han sprunge både i Boston og i Stockholm.

– Eg har nådd måla som eg sette meg for sesongen, og at eg skulle vinne her, var veldig stas, seier Lyngstad.

Var svært varmt

Sonen hadde på førehand sagt at pappa burde prøve å vinne Jølster Maraton, men sjølv hadde han moderat tru på det.

– Men når eg fekk tenkt litt på det, så tenkte eg at det gjekk no an å prøve. Og det gjekk, seier Lyngstad.

Han meiner taktikk og god planlegging var medverkande til at resultatet vart som det vart.

– Det var som sagt veldig varmt, så eg gjekk roleg ut, og let meg ikkje stresse av dei som drog av garde i eit veldig tempo. Mange fekk det halvveges, men eg sprang mitt eige løp, seier Lyngstad.

Skal til New York til hausten

Nye mål for sesongen har han ikkje sett seg, og han er nøgd med at han har stabilisert seg under tre timar på maraton.

– Nei, eg har ikkje sett meg noko nytt mål når det gjeld tid. Men eg har mål om å springe i andre verdsdelar, som til dømes i Tokyo og i Chicago, seierLyngstad.

Til hausten dreg han med heile familien til New York for å springe maraton der, ein stad han har sprunge to gonger før. Men då er ikkje plassering og tid det viktigaste.

– Det handlar om heile opplevinga, og å ha det kjekt med familien, seier Lyngstad.

I morgon startar han ferie, men joggeskoa blir med i bagasjen.

– Dei lyt med. Men eg kjem til å trappe ned litt på treningsmengdene, seier Lyngstad.

Sette ny deltakarrekord

Roald Juklestad, som sit i hovudkomiteen for Jølster Maraton, tykkjer det er stas at ein jølstring endeleg vann løpet i Jølster.

– Det tok si tid, men no er det ikkje så mange som driv med maraton i Jølster heller, seier Juklestad, som i 1982 var med på å starte løpet.

Han fortel at arrangementet har gått over all forventning.

– Vi har rekorddeltaking i år. Totalt var mellom 700 og 800 deltakarar med, 360 av dei sprang konkurranse. Vi er godt nøgde. Eg har heller aldri før sett så mange publikummarar, så dette var bra, seier Juklestad.

Sette ny norsk rekord

Førde-løparen Marius Vedvik sette ny norsk rekord på distansen fem kilometer gateløp under Jølster Maraton. Vedvik sprang inn på 14.02, og knuste den gamle rekorden med 26 sekund.