Hopp til innhold

Lyngstad har fått ny teaterjobb

Terje Lyngstad er tilsett som ny teatersjef ved Hordaland teater.

Terje Lyngstad

NY JOBB: Terje Lyngstad skiftar teater frå 1. januar 2016.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er svært glad for å bli valt som ny teatersjef ved teateret, seier Lyngstad.

Han er i dag tilsett som sjef ved Sogn og Fjordane teater. Lyngstad startar i den nye jobben frå 1. januar 2016. Det er eit åremål som varer ut 2019.

– Det er eit privilegium å få lov til å vere med på å utvikle teateret vidare, særleg no når det skal etablere seg i sentrum av Bergen. Målet er å etablere ei godt synleg nynorskscene med eit mangfald av teater, for publikum i alle aldrar, seier han.

Hordaland Teater har i fleire år samarbeidd med Sogn og Fjordane teater, sist med framsyninga Kjærleikens ferjereiser .

Styreleiar Birthe Eriksen er særs nøgd med at Terje Lyngstad har takka ja til stillinga.

– Med Terje får vi ein erfaren teatersjef som kan vidareføre den gode utviklinga som Hordaland Teater har hatt under noverande leiing. Terje har solide røter i det vestnorske kulturlivet, han kjenner regionen godt og han brenn for eit teater som utviklar norsk dramatikk på nynorsk, seier ho i ei pressemelding.

Terje Lyngstad trur mykje blir likt den teaterkvardagen han har i dag, men noko er forskjellig.

– Den største overgangen vil vere å ha tilgang på eit større publikum, men eg får litt lågare budsjett ved Hordaland teater, seier han.