Hopp til innhold

Brannen blussa opp att i morgontimane

Brannen på vestsida av fjelltoppen Rognen i Bremanger blussa ei kort stund opp att i 04-tida fredag morgon. Det er meldt meir vind i området, og brannmannskapa er på vakt for å hindre ytterlegare oppblussing.

Brann i Bremanger

UNDER OPPSYN: Åtte brannmenn er på staden for å sjå til at ikkje brannen blussar opp att når vinden tek seg opp i morgontimane fredag.

Foto: Bjørn Wefring

– Brannen blussa opp att, men det fekk vi sløkt i løpet av eit minutt eller noko slikt, så det hadde vi kjapt kontroll på, seier innsatsleiar Stig Holm.

Brannen vart meldt klokka 15.04 torsdag. Det skulle gå meir enn åtte timar før brannmannskapa kunne melde frå om at brannen var sløkt.

I morgontimane fredag er åtte mann på staden for å halde eit vake auga med området for å kunne slå ned ei eventuell oppblussing av brannen.

– Vi sit og ventar på at vinden skal komme opp i det som er meldt, fem-seks sekundmeter. Det er det som eventuelt kan få det til å blusse opp att, seier Holm.

Avgrensa kva som kunne brenne

Sjølv om vel ti mål er svidd av, vil ikkje Holm karakterisere sløkkingsarbeidet som veldig dramatisk.

– Det var eigentleg ikkje så veldig dramatisk så lenge vi hadde brannen oppe på fjellet. Det var avgrensa kva som kunne brenne der oppe. Det var stort sett lyng, seier Holm.

Hovudoppgåva til brannmannskapa var å halde brannen over skogbeltet.

– Slik at vi ikkje fekk det ned i dalane. Og det lukkast vi med, seier Holm.

Men han legg til at det var ein tung jobb å sløkkje med skogbrannpiskar.

– Det er tungt når du står ni-ti timar i strekk med ei piske, men det er veldig effektivt, seier Holm.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video filma av brannmannskapa som kjempar mot flammane.

Video filma av brannmannskapa som kjempa mot flammane oppe på fjellet. Foto: Arne Rebni

Rosar mannskapa

Han fortel at flammane var handterlege, sjølv om det for eit utrent auga såg svært dramatisk ut.

– Det er avgrensa kor høge flammane vert i slik kort lyng, seier Holm, som er imponert over jobben som har vorte gjort med sløkkinga.

– Eg vil rose Sivilforsvaret som har stilt opp på alle måtar og har hjelpt til der det har vore behov, seier Holm.

Vaktleiar ved 110-sentralen, Frode Korneliussen, stadfestar at det er mykje varme i bakken, og at faren for oppblussing er der.

– Status no er at det er sløkt. Det er åtte mann der som held vakt i tilfelle det blussar opp att. Det er meldt at vinden skal auke opp no på morgonen, og då er faren for oppblussing til stades. Det er framleis mykje varme i bakken, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Frode Korneliussen.

Over ti mål er svidd av

Brannvesenet har ikkje hatt tilgang til vatn for å sløkkje lyng- og krattbrannen, og sløkkinga har difor vorte gjort med brannpiskar.

– Vi har berre brukt skogbrannpisker. Det er ein effektiv reiskap, men det er veldig tungt å bruke, seier Korneliussen.

I tillegg var brannen høgt til fjells, og brannfolka måtte gå om lag ein time for å vere inne i området.

– Dei har gjort ein kjempeinnsats, seier Korneliussen.

Ein har estimert at eit område på ti mål er svidd av av brannen som herja i går.

– Dette er ein ganske stor brann som har gått føre seg i løpet av nokre timar, seier Korneliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Bremanger

MYKJE RØYK: Røyken låg tjukk over området i går kveld.

Foto: Otto J. Hermann

Fekk stoppa brannen ti meter frå ein granskog

Det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg til bygningar, men effektiv sløkking førte til at brannen ikkje fekk tak der det var meir skog.

– Men dei klarte å stoppe brannen om lag 10 meter frå ein granskog, seier Korneliussen.

Ein plass mellom 20 og 25 personar har vore med på sløkkingsjobben.

– Vi har hatt mannskap frå Bremanger og Flora og mannskap frå Sivilforsvaret i omkringliggjande kommunar, seier Korneliussen.

Rår sterkt ifrå å bruke eld

Han reknar med at ein må ha brannvakter på staden iallfall til i kveld.

Einskilde stadar er det meldt regn fredag ettermiddag, men det er ikkje snakk om dei store mengdene. Det er tørt i terrenget etter lengre tid med sol og mykje vind. Korneliussen har ei klar oppmoding til folk.

– Det er veldig tørt mange stadar i fylket, og brannfaren er ekstremt stor. Eg vil rå frå all bruk av eld i skog og mark, seier Korneliussen.

Einskilde kommunar har allereie lagt ned totalforbod mot bruk av eld i skog og mark.