Hopp til innhold

Idol-Vegard får skryt frå verdsstjerne

Idolfinalist Vegard Leite (19) frå Værlandet får skryt frå sjølvaste Chris Medina (28).

Vegard Leite Finalist

FÅR SKRYT: Vegard Leite si framføring av «What Are Words» har nådd låtskrivaren.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2011, fra semifinalen

Under audition til konkurransen sang 19-åringen hitballaden «What Are Words», skriven og framført av nemnde Medina.

Leite vart rosa opp i skyene etter framføringa. No har også Medina sett opptaka frå Idol. Og han likte det han høyrde.

Video Chris Medina på Rådhusplassen Topp 20

NØGD: Chris Medina.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg tykte denne fyren gjorde ein veldig god jobb. Eg skulle ynskje at eg visste kva dei snakka om. Dommaren virka ganske rasande mot han. Eg tykte han hadde ein fin Nickleback-vri, skriv Medina på sin offisielle Facebook-profil.

Vart mållaus

Slike godord frå låtforfattaren, gjer Leite nærast mållaus. Veggposten på Medina sin profil har fått 112 kommentarar, er delt 53 gonger på Facebook og har fått over 1 100 «likar».

– Det går ikkje an å skildre korleis det kjennest å høyre dette. Det er kjempetøft at Medina sjølv har høyrt meg, og at han er nøgd, seier han til VG Nett.

Under audition framførde Leite berre delar av låta. 19-åringen legg overfor VG til at han håpar å kunne framføre heile låta i ein annan samanheng.

Skjermdump frå Chris Medina sin Facebook-profil.

SKJERMDUMP: Chris Medina sin Facebook-profil.

Foto: Facebook.com/faksimile

– Få orden på sveisen

Etter at oddsfavoritten Christopher Olafsrud vart slått ut frå første finalesending førre fredag, seglar værlendingen og Jenny Langlo (18) no opp som bookmakerane sine favorittar.

Unibet har halde 19-åringen som sin favoritt heile vegen. No meiner dei Leite har ein vinnarsjanse på 20 prosent.

– Vegard treng berre å få orden på sveisen og lytte til dommarane sine oppmodingar, så kjem han til å få ein sterk seinhaust på Idol-scena, seier pressetalsmann Kjell Hanssen i Unibet.