Hopp til innhold

Vegard (19) vidare i Idol-sirkuset

– Du må bli meir «fandenivolsk», var den klare oppmodinga Vegard Leite (19) fekk då han fredag gjekk vidare i Idolsirkuset.

Vegard Leite Finalist

VIDARE: Vegard Leite frå Værlandet susar vidare i Idol etter den andre finalesendinga fredag.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2011, fra semifinalen

Vegard Leite hadde god grunn til å vere nøgd med framføringa av Ozzy Osbourne-låta «Dreamer». 19-åringen var den første som fekk beskjed om at han var vidare, medan Bianca Skoglie Lal.

Etter at Leite hadde framførd låtvalet, klarde ikkje dommar Gunnar Greve å unngå stikkordet «pub», som hissa han opp allereie før han hadde høyrt 19-åringen under audition.

– Sjølv om eg tykkjer du hoppar ein meter nærare puben for kvart låtval, så gjer du det med sjarm og kvalitet. Det er nesten ikkje lov til å kritisere deg. Sjølv med harryfakter, så er du ein ganske stor favoritt i Idol, sa Greve til lysluggen under TV2-sendinga.

Passa til stemma

Leite gjekk på scena som den sjuande av finalistane under fredagens sending.

Temaet for andre finalesending var barndom, og låtvalet med Black Sabbath-frontfiguren fall han naturleg.

– Det er ein song eg har høyrt ofte sidan eg var liten, fortalde han til NRK.

Ingen av dommarane trudde at Leite ville ryke ut etter dagens sending. Idoldommar Marion Ravn meinte det var endå ein gong var ei låt som passa til stemma hans.

(Artikkelen held fram under biletet)

Idol-juryen 2011.

JURY: Idol-juryen: fra v: Bertine Zetlitz, Marion Ravn, Hans Erik Dyvik Husby, Gunnar Greve.

Foto: Amundsen, Paul Sigve / SCANPIX

Frustrert Ravn

Leite er av bettingselskapa rangert som ein av dei største favorittane til å vinne årets Idolkonkurranse.

Dommar Bertine Zetlitz kommenterte at ho blir meir og meir frustrert av å dømme i årets konkurranse.

– Det er så utruleg høgt nivå, og du er uomtvisteleg noko av det beste som er her. Difor må eg gå etter det som fangar meg i sjela, men diverre engasjerer du ikkje meg så mykje som eg hadde håpa på, sa ho til TV2.

– Må tørre å snerre

Hans-Erik Dyvik Husby, også kjent som Hank von Helvete, var sikker på at 19-åringen ville vere mellom dei åtte som blir å finne i den tredje finalesendinga av talentkonkurransen.

Samstundes etterlyste han ein røffare og farlegare Leite, og oppmoda værlendingen til å bli meir «fandenivolsk».

– Du må tørre å snerre. Vise at stemma er ditt viktigaste våpen og ikkje berre ein damemagnet, sa han under sendinga.