Sju melodiar kjempa
Dei sju melodiane som gjorde det aller best på fylkestoppen i 2010, kjempa om å få kalle seg årets fylkestopp. Det er berre publikum som har vore med å bestemme kven som skulle vinne. Ein stor folkejury sende inn sine røyster på SMS til sine favorittar.
Slo ut fleire favorittar
Aller flest røyster fekk Karin Haugen og Helge Bjorøy frå Gulen med låta Blå natt. Dei to slo ut blant andre Olav Stedje, Sigrid Moldestad og Eva & The Heartmaker.
-Har ikkje gått opp for meg
- Dette var utruleg kjekt. Eg trur ikkje det har gått opp for meg enno. Første tanken var at dette ikkje var heilt rettferdig. Det var jo så mange gode konkurrentar, seier Karin Haugen til NRK etter sigeren var klar.
Karin Haugen og Helge Bjorøy vart også kåra til årets fylkestopp i 2008 med låta Sommarkveld ved Skjerjehamn.