Du bestemmer
Her kan du sjå og høyre alle finalistane til MGP-lokal i Sogn og Fjordane 2011. Alle artistane står på scena i finalen i Florø fredag 21.januar kl 19.30. Sendinga vert sendt direkte på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.
Røyst på SMS så mange gonger du vil
Vinnaren er den som totalt får flest røyster frå publikum og fagjury. Dei fem beste får synge rett før delfinalen i MGP frå Florø laurdag 22.januar. Vinnaren får reise til den norske MGP-finalen i februar. Du kan røyste på SMS så mange gonger du vil fram til finalen på fredag. Det kostar fem kroner å levere ei røyst.
Videoane er produsert av elevar ved Firda vidaregåande skule, Sogndal vidaregåande skule og Fjaler Film.