Camilla Bakke i Simone Says - LEDER: Camilla Bakke frå Selje og bandet Simone Says leder for tida ein musikkonkurranse i Sverige. - Foto: Raysan Ismail /

LEDER: Camilla Bakke frå Selje og bandet Simone Says leder for tida ein musikkonkurranse i Sverige.

Foto: Raysan Ismail

Musikalsk samling i Lutt

Gjestene var mange og varierte i Lutt 6.juni. Medan nokre er klare for festivalsommar, deltek andre i musikkonkurransar.

Her høyrer du heile Lutt frå 6. juni 2012
Lutt er NRK Sogn og Fjordane si satsing på musikk frå fylket.

Camilla Bakke og Simone Says - Foto: Raysan Ismail /
Foto: Raysan Ismail
Leder svensk konkurranse

Camilla Bakke frå Selje leder for tida ein svensk musikkonkurranse i heimbyen Gøteborg. Saman med bandet Simone Says har ho levert inn låta «I'm Running» til konkurransen der publikum kan røyste fram sine favorittar. Camilla har vore aktiv med musikk sidan oppveksten i Selje, og har dei siste ti åra budd i Sverige. Men det er dei siste åra ho har jobba med bandet Simone Says.

NRWY - Foto: Pressefoto /
Foto: Pressefoto
NRWY klare for NRK Sommarlutt

Bandet NRWY hadde tidlegare i vår konsert på den legendariske Beatles-klubben The Cavern i Liverpool. Seinare i sommar spelar dei både på Fres'n, Sommarflora, Klubbøya og NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival. Bandet gav i fjor ut sin første EP, og er no i gang med å produsere eit heilt album.

Aleksander Raftevold - Foto: Pressefoto /
Foto: Pressefoto
Ung musikar med soloprosjekt

Den unge artisten Aleksander Raftevold har alt vore med på fleire større og mindre musikalske prosjekt på Nordfjordeid. Han har ei spennande og sterk stemme. Låta «It's a Crazy World» som no blir spelt i NRK Sogn og Fjordane vart til ein søndag morgon. Då ringte Aleksander til Kim Lillestøl, og sa at han hadde noke dei burde prøve ut. Dagen etter møttes dei for å spele inn låta på eit bittelite rom på to kvadrat. Aleksander song, spelte piano og synth. Kim har spelt inn trommer, bass og gitar. Låta handlar om kor "crazy" verden er, både positivt og negativt, med fokus på kjærleik.

Kjell Madsen cover - Foto: Pressefoto /
Foto: Pressefoto
Madsen gir ut sommarlåt

Kjell Madsen frå Raudeberg er ute med ny singel. Låta «Bryr du deg» er ei frisk kjærleikslåt med mykje energi. Debutplata til Kjell Madsen kom ut i 2011, og fekk gode tilbakemeldingar og radiospeling. No har Madsen vore i studio for å spele inn enno fleire låtar som han planlegg å gi ut som singlar. Han har også sett saman eit band som er klar for å gjere konsertar frå hausten.

Aventyr - Foto: Cover /
Foto: Cover
Rocka Aventyr med video

Førdebandet Aventyr gir denne veka ut ein smakebit for sitt komande album. Trouble heiter låta som dei også har fått laga musikkvideo til. Bandet jobbar for tida med ein amerikansk produsent som mellom anna har produsert Alice Cooper.