Biletet over er det einaste vi har klart å spore opp frå bandet sin kariere. Odd Erik Lothe, Bård Egil Eide og Hege K. Lillestøl Naustdal kalla seg «To levande og ein død,» og hadde i 1992 sin første radioslager med «Liten Mann.»
Særpreget deira låg i norske tekstar, varme melodiar og harmoniar med tostemt song. Den raspete røysta til Odd Erik mot den lyse vare til Hege vart eit kjennemerke.
Starta då Lothe ville skrive norsk
Bandet starta nesten tilfeldig då Odd-Erik fann ut at han ville skrive på norsk. Han og Bård Egil Eide spelte saman i eit anna band, medan Hege var eit ungt sangtalent som tilfeldigvis var dotter av ein kollega i barnehagen Lothe jobba i.
Bandet fekk oppleve å spele inn plate, dei gjekk vidare til den nasjonale mønstringa i UKM og fekk etterkvart fleire låtar spelt på radio.
Bandet vart «Fabel»
Men etterkvart vart hjelpemusikarane deira til faste, og det vart naturleg å skifte namn. Då vart bandet til det mykje meir kjende «Fabel.» Til sommaren er det faktisk 20 år sidan dei spelte saman som «To levande og ein død,» men på NRK Sommarlutt under Malakoff Rockfestival skjer det igjen.
-Spent på publikum
Dei tre musikarane gler seg veldig til å stå på same scene igjen.
– Det blir stor stas, eg er veldig spent på korleis det vil svinge. Vi kjem til å spele ein del av dei aller første låtane vi laga, seier Odd-Erik Lothe.
–Det blir fantastisk å få samla dette bandet igjen. Det blir veldig spennande å høyre korleis dei høyrest ut saman 20 år etter, seier prosjektleiar for NRK Sommarlutt Stian Sjursen Takle.
«To levande og ein død» skal stå på scena under NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival fredag 20.juli klokka 13-15.
–Dette blir ein festdag for musikk frå Sogn og Fjordane. På same scene står nemleg også duoen Vegard og Bård Leite, Laila Beathe Førde, Let's be light og NRWY, fortel Sjursen Takle i NRK. I tillegg skal Thea Hjelmeland og Tripod spele påfestivalområdet seinare på dagen.
Direkte på radio og nett-tv
NRK Sommarlutt er NRK Sogn og Fjordane sin sommarkonsert. Radiokanalen inviterer musikarar frå fylket til sommarfest direkte på radio og nett-tv. Konserten vert arrangert på eigen scene i sentrum av Nordfjordeid i samarbeid med Malakoff Rockfestival.
- SJÅ OG:
- SJÅ OG:
Dette er Sommarlutt-artistane:
LET`S BE LIGHT
Elektronica/pop
Lise Kristin Kvenseth frå Selje og Stian Kjelstad Granmo frå Trondheim dannar duoen Let`s be Light. Bandet starta samarbeidet våren 2010, og resultatet har blitt herlig, fengande synthpop. Sjølv om mange av låtane har eit lett melankolsk preg, spenner musikken seg frå rolig elektronisk pop til deilig disko. Let`s be Light gav ut sin fyrste EP seinhausten 2011. Dei fekk raskt merksemd av NRK Urørt, som har anbefalt og spelt låtane fleire gongar på P3. Då bandet nylig vart kåra til “Ukas Urørt” var omtala: «Let`s be Light leker seg med synther og skaper et kontrastfylt univers fylt av nostalgi, kulde og varme på samme tid. Velprodusert, lekker elektronika som får blodet til å bruse lengselsfullt i årene».
http://www.nrk.no/urort/Artist/LetsbeLight/default.aspx
LAILA BEATE FØRDE
Soul/jazz/pop
Låtskrivar, vokalist og saksofonist. Starta tidleg si musikalske karriere og har delteke på ei mengde forskjellige musikkprosjekt opp igjennom åra. Har vore med på studio-innspelingar med band som t.d. Fabel, Green Granadas og Finn-Erix. Hausten 2011 debuterte ho som låtskrivar på Astrid Kloster (Aftenlandet) sitt album Vintersong. Det er som låtskrivar og frontfigur i eige bandprosjekt vi skal få oppleve Laila B. Førde under årets sommarlutt. Ei mindre kjend side for folk flest, men ei side som har forma seg sakte men sikkert med åra. Det blir tekstar på dialekt i fengande og groovy soul/jazz/pop rytmar.
Rock/country
Låtskrivar og vokalist Erik Grov dannar med gitarist Per Christian Grov, bassist Amund Stokke og trommeslagar Sjur Vidar Lilleås, bandet NRWY. Sidan oppstarten i mars 2011 har bandet sett sitt fotavtrykk med EP'en "Corrections", samt godt besøkte konsertar i Oslo, der dei held til. Bandet sin sound er sterkt påverka av amerikansk alt-country såvel som britisk og amerikansk 70-tallsrock. Inspirasjonskjelder som kan nemnast er Fleetwood Mac, Son Volt, Wilco, Death Cab for Cutie, Neil Young, Bruce Springsteen m.m. Bandet jobbar for tida med nytt materiale, som dei planlegg å presentere for publikum på ei rekkje konsertar i både i Noreg, Liverpool og USA til hausten. Men fyrste stoppestad er Sommarluttscena under MR2012.
Vise
Vart litt tilfeldig danna av Odd Erik Lothe og Bård Egil Eide, då dei fekk med seg Hege K.Lillestøl Naustdal og stilte opp på UKM på Eid i 1991. Låta «Liten mann» vart ein slager på NRK Sogn og Fjordane våren 1992, etter at dei tre gjekk vidare frå fylkesfinalen til landsmønstringa i Trondheim. Særpreget til to levande og ein død låg i norske tekstar, varme melodiar og harmoniar med to stemt song. Den raspete røysta til Odd Erik mot den lyse vare til Hege vart eit særpreg. Det er over 20 år sidan desse tre spelte saman aleine. Då bandet gjekk over i det som seinare vart Fabel. Eit comback verken vi eller dei sjølve hadde heilt trua på…men til sommaren står dei på Sommarluttscena!
Pop/rock
Vegard og Bård Leite er kjende kvar for seg frå store talentprogram på TV2 som Idol og The Voice. Vegard vart nr 2 i Idol og Bård heng forsatt med i The Voice. No har dei to slått seg saman til ein spennande ny duo. Saman framfører dei sjølvskrivne rock og poplåtar. Dei to har planar om å gi ut plate etterkvart, men først besøker dei NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival. Bård er onkelen til Vegard og dei kjem frå det vakre Værlandet i Askvoll.
ARVANDOR
Rock
Arvandor lagar musikk innan rocke-sjangeren. Musikken er variert, melankolsk og melodiøs, med inspirasjon frå fleire sjangrar. Mykje fokus ligg på det instrumentale, og dei syng på dialekt og engelsk. Dei trivst godt på scena, og har mellom anna spelt på Meieriet i Sogndal, Lost Weekend 2010, Emergenzafinalen i Bergen 2009, Garage, Torsdagsrock Hulen, Træskeverket Førde, Blest Nordfjordeid 2011 og Kvarteret. I mai 2012 var dei i studio og spelte inn ein EP som kjem ut i løpet av juli.