Åshild Mundal under Julelutt 2011 - Foto: Øystein Torheim /
Foto: Øystein Torheim

Åshild vann siste Fylkestoppen

Åshild Mundal frå Luster vann den aller siste Fylkestoppen.

Med overlegne 290 poeng sette Åshild Mundal rekord og vann den aller siste Fylkestoppen frå NRK Sogn og Fjordane. På grunn av endringar i programplanen til NRKP1 går hitlista frå fylket ut i si noverande form.

Tone og Thea kom inn

To av utfordrarane tok ein sterk og delt andreplass på lista med 271 poeng. Thea Hjelmeland og Tone Damli er begge aktuelle med ny musikk denne våren, og lyttarane sette utan tvil pris på det dei presenterer. Også Håvard Lothe Band klarte å kome seg innom dei fire øverste på Fylkestoppen.

Resultat Fylkestoppen februar 2012

Pl Meldodi Arsist Poeng Mnd
1. Lukklegaste i Verdi Åshild Mundal 290 4
2. Look Back Tone Damli 271 Ny
2. In This  Town Thea Hjelmeland 271 Ny
4. The Greatest Day Håvard Lothe Band 264 Ny
Ut:        
5. Fisherman's Blues Himora 255 2
6. Betty Black Green Granadas 254 3
7. This is all for you House of Clowns 224 2

Siste fylkestoppen

Himora, Green Granadas og House of Clowns gjekk ut av lista. Men denne månaden er det altså ingen artistar som går vidare, sidan dette var den aller siste fylkestoppen.
- Det er mogleg at fylkeslista kjem attende i ei anna form seinare. Men lokalmusikk skal det ikkje bli mindre av i NRK Sogn og Fjordane. Lutt held fram i den nye sendinga med fast sendetida annankvar fredag, fortel Luttprogramleiar Stein Jarle Aase.