Hopp til innhold

Luftig tur lokkar folk til Loen

Nærare 2000 har i sommar latt seg lokke til Loen for å gå den luftige klatrestien Via Ferrata. Allereie no er dei første bookinga for neste å byrja å tikke inn.

Hengjebrua

LUFTIG TUR: Mange vil gå Via Ferrata i Loen

Foto: Jan Heggheim

– Vi merkar aukande interesse. I år har vi vel hatt 600 – 700 som har betalt for guida turar, om lag like mange som har leigt utstyr hjå oss og sikkert like mange som har gått turen på eige hand. Det seier Erik Brendefur, i Loen Acktive.

Særleg etter at ruta med blei utvida med ei spektakulær gangbru i sommar har pågangen vore stor. I mellomeuropa er Via Ferrata eit kjent omgrep. Og i sommar kom det fleire turistar frå Tyskland og Austerrike eins ærend for å gå Via Ferrata Loen.

– Det kjem ein del turistar til Loen for å gå Via Ferrata. I sommar og haust kom det fleire frå Tyskland og Austerrike og spurde Via Ferrata Loen som dei hadde lese om på internett.

– Kven er det som kjem?

– Det er langt på veg alle. Vi har vel sett ei nedre aldersgrense på 12 år, i andre enden av aldersskalaen så meiner eg vi har hatt ein på 81år som har gått turen, seier Brendefur.