Hopp til innhold

Løyver ikkje ei krone til Vik fengsel

Trass i at regjeringa seier dei vil auke sysselsetjinga i Norge, er det ikkje løyvt ei krone til utbygging av Vik fengsel i forslag til statsbudsjett – noko som ville gitt 25 arbeidsplassar i Vik i løpet av vel eitt år.

Roy Egil Stadheim

IKKJE OVERRASKA: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er ikkje overraskande. Vi har jobba så mykje med dette, men berre fått negative signal, så eg hadde ikkje venta noko løyving, seier fengselsleiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim.

Vik fengsel har i dag 39 soningsplassar og sysselset 40 årsverk. Den planlagde utvidinga vil gje 30 nye, lukka soningsplassar og opp til 25 nye årsverk.

Alle planar for utviding ligg klare, men det manglar klarsignal frå regjeringa, samt ei løyving på 42 millionar kroner.

Ville gjort susen

Finansminister Siv Jensen var i dag klar på regjeringa i framlegget til statsbudsjett legg vekt på tiltak for å auke sysselsetjing og omstilling.
Stadheim er lite imponert over at ein ikkje då nyttar høvet til å gjere grep der ein veit det kan komme konkrete arbeidsplassar raskt.

– Det syner berre at det som vi meiner er fornuftig, ikkje er noko dei meiner er fornuftig. 25 arbeidsplassar i Vik ville verkeleg gjort susen, seier Stadheim.

Han er hovudristande til at regjeringa heller vil prioritere soningsplassar i utlandet.

– Dei fasar mellom anna ut jobbane våre til utlandet, og det seier vel alt om kva dei tenkjer om dette, seier Stadheim.

Set sin lit til Venstre

Venstres Sveinung Rotevatn har tidlegare uttalt at han ønskjer å løfte utvidingsplanane inn i budsjettforhandlingane, sidan Venstre sit i ein nøkkelposisjon så lenge dei er samarbeidspartnarar til regjeringa.

– Klarar dei det, ville det vore flott. Dei har vore tydelege på at dei vil prøve, seier Stadheim.

– Fryktar du at utbyggingsplanane for Vik fengsel vert liggjande i ei skuffe?

– No har dei sagt at det kjem ein ny plan til våren, så vi får sjå kva som ligg i den. Det som er klinkande klart er at planane våre er klare. Viss dei vil, kan dei få til ei rask utbygging. Så får vi sjå om det er vilje til å satse i distrikta, seier Stadheim.

Er ikkje samd i samanlikninga

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, vil ikkje vere med på det.

– Dette er to forskjellige ting. Alle satsingane i statsbudsjettet styrkar satsinga på sysselsetjing monaleg innanfor ei rekkje område. Dette vil bety mange hundre arbeidsplassar, mellom anna i Sogn og Fjordane, meiner Djuvik.

Han legg til at det ikkje var noko som tyda på at det skulle komme løyvingar til Vik fengsel i framlegget til statsbudsjett.

– Vi har lagt fram ein fengselsplan med framdrift på den. Vi jobbar med å få på plass arbeidsplassane og utbygging av Vik fengsel, seier Djuvik.

Meiner dei må prioritere storbyane

– Viss vi berre skulle ha vekst innanfor fengselsetaten, så kunne det vore eit poeng. Men i budsjettet ligg det monaleg satsing på fengsel og nye arbeidsplassar i fengselsvesenet. Men vi må ta utbyggingane der presset er størst, først, altså rundt storbyane, seier Djuvik.

Han seier regjeringa må prioritere storbyane, for å få ned soningskøane der.

– Eg er heilt sikker på at Vik fengsel kjem litt lenger ut i løypa, seier Djuvik.

– Men her snakkar vi om eit fengsel der alle planar er klare, og det vil vere 25 arbeidsplassar på plass i løpet av eit godt år. Kvifor vel regjeringa å velje vekk dette?

– Dette handlar om prioriteringar. Vi kan ikkje bruke alle pengane i statsbudsjettet på å tilsetje folk i fengselsvesenet. Dette er ei historisk satsing som for første gong får ned køane i fengselsvesenet, meiner Djuvik.

Fasar ut viktige arbeidsplassar

Avtroppande ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap), er svært skuffa over dei manglande signala om utbygging av Vik fengsel.

Det betyr at vi har ei regjeringa som fasar ut arbeidsplassar som kunne vore gode distriktsarbeidsplassar, og det er svært skuffande, seier Finden Halset.

Også Olav Turvoll (Sp) som skal ta over ordførarvervet etter Finden Halset hadde håpa på ei satsing i Vik.

– Etter det som har blitt sagt og den store satsinga som er på fengselsutbygging, så burde Vik fengsel ha vore prioritert. Det vitnar om at dei prioriterar sentrale strøk og mindre distrikta, seier Turvoll.