Alt frå onsdag brakar det laust på Skjerjehamn i Gulen med Utkantfestivalen, og torsdag er 2014-utgåva av Fresn i gong i Fresvik. Ei rekkje andre større og mindre arrangement skjer også rundt i fylket denne helga.
Tusenvis av musikkhungrige skal nok ein gong ut på tur - og no kan Vervarslinga på Vestlandet i Bergen love at det strålande, varme sommarvêret vil halde fram heilt til søndag morgon.
Ventar opp mot 30 grader
– Det ser vel ut til at det blir framleis blir varmt både fredag og laurdag. Det vil seie opp imot 30 grader, og faktisk i overkant av det einskilde stader i maksimumstemperatur, fortel statsmeteorolog Jørgen Grønneberg til NRK.
Frå og med torsdag er det fare for ettermiddagsbyger, først i midtre- og indre strok. Men laurdag kan det og kome byger på kysten, opplyser Grønneberg.
Trur folk toler ein regnskur
For dei som arrangerer store festivalar og andre arrangement komande helg er dette verkeleg godt nytt. I Fresvik er dei godt i gang med å rigge festivalområdet for Fresn på Skau gard.
– Det vi er mest opptekne av er temperaturen. Er det varmt, så turkar folk raskt opp att etter ein skur, meiner Lars Tore Skau, som er ein av karane bak musikkfestivalen på sørsida av Sognefjorden.
- LES OGSÅ:
Sikrar nok vatn
Lengst vest i Sogn er dei friviljuge i full gang med å førebu eit stort innrykk av publikum til Utkantfestivalen. At dei også i år ser ut til å treffe med vêret gjer absolutt ingenting, forsikrar marknadsansvarleg for Utkant, Linn Dyveke Wilberg.
– Vi har sørga for å ha nok vatn i beredskap, og vi har også instruert dei friviljuge vaktene om å sørge for at folk har nok vatn også på campen. Vi vil ikkje at nokon skal bli dehydrerte i varmen, seier Wilberg.