Hopp til innhold

Kreative studentar fekk sommarsjansen

Dei er unge, kreative og sugne på eit spennande jobbliv. I sommar har 12 studentar fått sjansen til å syne seg fram i Nordfjord.

Gro Caroline Flølo

KREATIVT MILJØ: Gro Caroline Flølo, kreativ leiar i Farmhouse, seier det er ei vitamininnsprøyting for bedrifta å ha studentar på sommarjobb kvart år.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Det er veldig spennande og ei fantastisk erfaring å ta med seg, seier NTNU-student Synneva Minken.

I år har sju studentar sommarjobb på Farmhouse sitt kontor i Stryn, og fem studentar har fått sommarjobb på kontoret i Måløy.

Kreativ vitamininnsprøyting

Farmhouse vart skipa i 2006 av dei same menneska som står bak Moods of Norway. Bedrifta jobbar med alt frå kommunikasjonsstrategiar, konseptutvikling og marknadsplanar til visuell kommunikasjon, identitetar og merkevarebygging.

Sommarbyrået har dei drifta sidan 2007. Tanken er at studentane skal få jobbe med reelle kundar og oppgåver.

Gro Caroline Flølo er kreativ leiar i bedrifta.

– Eg hugsar det sjølv då eg gjekk på mine studiar, at det å jobbe med reelle bedrifter og under andre premissar enn ei fiktiv studentoppgåve, det er mykje kjekkare og ein lærer mykje meir, seier ho.

Samstundes representerer sommarstudentane ei kreativ vitamininnsprøyting for verksemda.

– Studentane kjem frå forskjellige fagfelt og forskjellige skular, så vi får utruleg mange nye impulsar i løpet av sommaren. For oss er det òg utruleg viktig for vår eigen rekruttering, seier Flølo, som seier at dei tidlegare har tilsett tre av sommarstudentane.

Ho håpar dei etter kvart kan utvide sommarbyrået til ein halvårs eller heilårs praksis, i samarbeid med Høgskulen i Volda.

– Fantastisk erfaring

Synneva Minken studerer til vanleg industriell design på NTNU. Men i sommar er ho ein av dei tolv studentane frå heile landet som får testa dei praktiske evnene i Måløy og Stryn.

– No skal eg skrive master til hausten, så dette blir ei perfekt øving før eg etter kvart må ut i det store farlege arbeidslivet, seier ho.

Ho seier det er inspirerande å jobbe få tett med dei andre kreative studentane.

– Det er ein fordel å sitte fleire på same rom, då kan ein spørje og be om råd viss ein sit litt fast. Det er meir at vi hjelper kvarandre, enn at vi konkurrerer, seier ho.

Design handlar mykje om det visuelle. Men studentane jobbar mykje analysar og research før dei kjem til teiknebrettet. Gro Caroline Flølo håpar å overtyde folk om at design er meir enn berre glasuren på kaka.

– Det ligg mykje arbeid bak før ein kjem til form og farge. Når ein jobbar med produktutvikling og marknadsføring handlar det om å forstå dei vi skal nå, seier ho.

Sunneva Minken

LÆRERIKT: Synneva Minken seier det er fantastisk erfaring å få jobbe på sommarbyrået til Farmhouse.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK