Hopp til innhold

Torer du å symje i isvatn? Då kan du vinne ein is...

FJÆRLAND (nrk.no): Klarer du å symje meir enn fire meter i dette brevatnet, så lovar Jo Marius Bøyum at du skal få ein fritt vald is. Som om ikkje sjølve badinga blir kald nok...

Jo Marius Bøyum

HER SKAL DET SKJE: Jo Marius Bøyum driv vanlegvis Brævasshytta saman med mor si. Her fotografert nede ved vatnet der han no innbyr til symjetevling...

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Heilt øvst i Fjærland, under Bøyabreen, ligg det eit flott, lite brevatn. Her er det Jo Marius Bøyum frå Brævasshytta vonar å sjå både ein og to badenymfer dei komande dagane.

– Eg har lova ut ein valfri is til den som symjer meir enn fire meter i dette vatnet. Sist eg målte så var det to grader i vatnet, fortel Bøyum.

Isklumpar i vatnet

Og vi trur han så gjerne. Rundt i brevatnet flyt isklumpane fritt, og skal du symje her treng du nok både ei vilje av stål og rimeleg god helse.

– Men held det med å love vekk ein is til å få nokon til å symje, og kva med deg sjølv, Jo Marius?

– Det er for kaldt for meg å bade her altså. Men er det nokon som svømmer meir enn fire meter, så skal dei få både is og kaffi.

Har noko i bakhand

No vonar fjærlendingen at folk nærast skal stå i kø for å sikre seg eit isbad. Men om ikkje det skjer, så har han eit kort i ermet.

– Eg håpar nokon tør å ta utfordringa, gjerne fleire. Om ikkje, så har ein av våre tilsette sagt at ho skal gjere det om ikkje andre vågar, seier Jo Marius.

PS! NRK sin reporter vurderte i om lag eitt sekund om det skulle badast. Men av omsyn til turistane i nærleiken blei det prosjektet avlyst...