Hopp til innhold

Grasbrann spreidde seg til løe og hus

Brannvesenet har kontroll på bustadbrannen på Vangsnes i Vik. – Ei løe har brunne ned, opplyser alarmsentralen.

Brann i løe og bustadhus på Vangsnes

BRANN: Løa har brunne ned, medan brannmannskap no jobbar med å få sløkt brannen i bustadhuset.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Alarmsentralen fekk i 10-tida melding om brann i ei løe. Kring ein halvtime seinare var brannen spreidd til eit bustadhus få meter unna.

Bustadhuset skal ikkje vere busett. Men politiet opplyser at huset skal vere verna, frå 1500-talet. Dette er ikkje informasjon kommunen kan stadfeste.

– Det er hektisk på staden. Brannvesenet jobbar for fullt med å få ut slangar og få vatn på, seier nestkommanderande ved alarmsentralen i Florø, Roy Humlestøl.

Det var ei stund var fare for at brannen kunne spreie seg til ein nærliggande garasje. Like over klokka 11 opplyser politiet at brannen er under kontroll, og at garasjen er berga.

– Brannen starta ved ein grasbrann som kom ut av kontroll og tende på løa, opplyser politiet.

Statens vegvesen opplyser at brannen får følgje for trafikken på riksveg 13 mellom Vikøyri og Vangsnes ferjekai. Mindre bilar kan passere på riksvegen, medan større bilar blir oppmoda om å køyre vegen rundt på austsida av riksveg 13.

Ferja M/F Lærdal er rekvirert for transport av meir brannmannskap frå Hella.

Det er meld om noko skade på innmark og buskar på naboeigedomen, men ingen fare for hus eller bygningar der.