Hopp til innhold

Lødemel: - Dette lovar veldig bra

– Dette lovar veldig bra, og eg har trua på at det kan bli ei handlekraftig regjering. Det er den spontane reaksjonen frå Høgre sin Bjørn Lødemel etter at det måndag kveld vart klart at Høgre og Frp dannar regjering.

Bjørn Lødemel

GODT NØGD: Bjørn Lødemel (H) er godt nøgd med at partiet hans no skal danne regjering saman med FrP.

Foto: Alf Vidar Snæland

Lødemel har følgt innspurten i regjeringssonderingane frå New York, og når nyheita om at Høgre og Frp skal danne regjering slepp følgjer han det heile på tv på andre sida av dammen.

– Det har vore spennande dagar dette. Eg har følgt med litt på avstand, og spørsmålet har jo vore om det skulle bli fire eller to parti. No blir det to, men eg ser at det er veldig god stemning mellom alle dei fire borgarlege partia, så det synest eg lovar bra.

– Venstre og KrF har funne ut at dei ikkje vil sitje i regjering, men dei vil likevel vere sterke bidragsytarar. Det tyder på at det kan bli ei handlekraftig regjering, seier Lødemel som for to veker sidan vart attvald som stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane.

KrF og Venstre vel å stå utanfor

På ein pressekonferanse klokka 20.30 måndag kveld kom svaret folk har venta på i 14 dagar. Høgre og Frp dannar regjering, medan Venstre og KrF blir ståande utanfor.

Både Krf-leiar Knut Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Granda har gjennom heile valkampen sagt at dei vil bidra til eit regjeringsskifte. Men dei har samtidig sagt at dei meinte det var lite sannsynleg at dei ville gå i regjering saman med Framstegspartiet.

Etter valet sette dei seg likevel ned saman med både Frp og Høgre for å sjå om det usannsynlege kunne bli mogleg. Det har vore venta at dei to sentrumspartia anten vel å gå inn i regjering saman, eller vel å stå saman utanfor.

Og no står dei saman utanfor. Høgre-leiar sa på pressekonferansen i kveld at dei fire partia har skrive ein samarbeidsavtale som ho kalla «den mest omfattande og mest forpliktande som ei regjering har hatt med andre parti». Solberg viste vidare til av avtalen gav føreseielegheit og stabilitet i norsk politikk.

– Ein viktig avtale

Også Lødemel er overtydd om at avtalen blir viktig for landet framover.

– Dette er ei avtale mellom fire parti som gjer at vi får ei handlekraftig regjering, og det er viktig.

– Men på same tid seier partia no at dei vil spele meir på Stortinget, og det vil jo bety at det opnar seg for andre parti. Det vi har sett i forhold til den raudgrøne fleirtalsregjeringa, der alt har vore låst når sakene kjem til Stortinget, det trur eg ikkje har vore berre bra, seier Lødemel til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Erna Solberg og Siv Jensen

TO PARTI: Det blir Høgre og Frp som skal danne regjering, Venstre og Krf vel å stå utanfor. Her er Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Erna Solberg og Siv Jensen under pressekonferansen på stortinget måndag kveld.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

- Dette tener alle partia

På pressekonferansen på Stortinget la alle dei fire partileiarane vekt på det gode samarbeidet dei har hatt gjennom forhandlingane, og det vart fleire gonger vist til at stemninga har vore god. Det har også Lødemel lagt merke til.

– Det er heilt tydeleg at dei fire partia har teke fleirtalet dei fekk frå veljarane på alvor, og dei har teke det vidare på ein ansvarleg måte. Det er tydeleg at samtalane dei har hatt har teke dei politiske sakene vidare, og det tener alle partia.

– Eg gler meg til å ta fatt på det vidare arbeidet når det ligg ei regjeringserklæring på bordet, seier Høgre-politikaren.

Høgre og Framstegspartiet skal no gå inn i regjeringsforhandlingar, og Lødemel seier det er mykje spennande arbeids om står att. Etter Høgre sitt gode valresultat for 14 dagar sidan blir han no ein av partiet sine 48 representantar på tinget.

Vil ikkje synse om eiga rolle

Men førebels vil han ikkje seie noko om kva rolle han ser for seg.

– Eg har ikkje tenkt å seie så mykje på det. Eg er ein dela v dei 48, og eg har vore i gruppestyret tidlegare og fått vore med på spennande ting tidlegare. Så vi får sjå kva som opnar seg av moglegheiter. Eg gler meg veldig til å ta fatt på arbeidet, seier han.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, sa etter valet at han kunne sjå for seg Lødemel som statsråd i både kommunal, samferdsle og landbruksdepartementet.

– Det er eit innspel som kjem frå fylkesleiaren, og eg har ikkje lyst å uttale meg noko meir om det, er det korte svaret frå honndølen.