Hopp til innhold

Set ikkje foten ned for privatisering

LO i Årdal vil ikkje setje foten ned for privatisering av offentlege tenester i kommunen.

Årdalstangen

PRIVATISERING: Den økonomiske situasjonen i Årdal er no så ille at kommunen vurderer privatisering av tenester.

Foto: Atle Romøren

Økonomien er så skakkøyrd at den mektige organisasjonen nett no ikkje vil setje ned foten noko.

– Situasjonen i Årdal er slik at vi må snu og vende på alle steinar for å kome ut av dette.

– Vi skal ikkje vere heilt imot privatisering, men vi får sjå kva som kjem fram, stadfestar LO-leiar Jan Bent Høyum.

– Ingenting skal vere uprøvd

Situasjonen LO- leiaren viser til er 26 millionar kroner i underskot. Årdal har med det hamna på den såkalla Robek-lista, det vil seie den statlege svartelista over kommunar som må spørje staten om lov for å ta opp lån.

Før helga vart det kjent at konkurranseutsetting av vaskeri og kjøkken, men også tunge omsorgstenester, kan bli aktuelt for å få økonomien på fote igjen.

Ap-ordførar Arild Ingar Lægreid vedgjekk at privatisering ikkje er noko god sak, men at dei er tvinga til å sjå i den retninga.

– Eitt av punkta omhandlar konkurranseutsetjing innanfor det vi kallar spesialomsorg. Det er eit område der vi får fleire og fleire tiltak, og det er vanskeleg å handtere, både økonomisk og driftsmessig, sa Lægreid til NRK.no.

– Vi skal forvalte goda til felleskapet på ein så god måte som mogleg. Då kan det ikkje vere eit einaste tiltak som ikkje er vurdert, sa rådmann Frank Westad til.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Den økonomiske situasjonen i Ap- bastionen Årdal e kritisk. Underskotet på 26 millionar kroner kan ikkje dekkast inn utan smertefulle tiltak. No vurderer kommunen privatisering av fleire tenester.

SJÅ TV-SAKA: Den økonomiske situasjonen i Ap- bastionen Årdal er kritisk. Underskotet på 26 millionar kroner kan ikkje dekkast inn utan smertefulle tiltak. No vurderer kommunen privatisering av fleire tenester.

I tvil om det vil spare pengar

Områdedirektør for interessepolitikk i KS, Helge Eide, seier konkurranseutsetting i kommunane er svært utbreidd. Men det gjeld først og fremst teknisk sektor.

Spørsmålet er langt meir politisert når det er tale om helse- og omsorgstenester.

– Vi ser at i kommunar der det blir eit tema, så er det like mykje politiske vurderingar som

Og sjølv om LO altså ikkje vil setje foten ned allereie no, seier Høyum at han er skeptisk til om dei vil spare pengar.

– Personleg trur eg ikkje det, men vi får sjå kva som kjem fram og ta det derfrå.