Hopp til innhold

Eldre mann omkom

Ein eldre mann er omkomen i Selje kommune. Han vart funnen livlaus i sjøen søndag kveld.

Selje

SISTE: Politiet melder klokka 22.10 at mannen er omkomen.

– Han vart erklært død på staden, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes i politiet i Sogn og Fjordane til NRK.

Politiet vil ikkje gå nærmare inn på kvar i kommunen mannen vart funnen, av omsyn til pårørande. Politiet gjennomfører søndag kveld undersøkingar på staden.

– Vi snakkar med dei som fann mannen, og fekk han på land, seier Hatlenes.

Det er på noverande tidspunkt ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

– Ingenting tydar på noko kriminelt, men politiet gjennomfører samtalar og undersøkingar, noko som er rutine i slike saker, seier operasjonsleiaren.

Funnen livlaus ved bryggje

Politiet fekk inn meldinga klokka 21.

– Personen vart funnen livlaus i vatnet ved ei bryggje, sa Hatlenes rundt klokka 21.45.

Både politiet, ambulansepersonell og ein luftambulanse rykte ut.

– Personen er no på land. Og det er starta hjarte- og lungeredning av ambulansepersonell, sa Hatlenes.