Hopp til innhold

Liv Janne tok friluftsåret heilt ut

Friluftsåret 2015 tok bokstavleg talt 40-åringen frå Førde til nye høgder. Då året gjekk over i 2016 hadde Liv Janne Bell Jonstad notert seg med 307 turar ute.

Liv Janne Bell Jonstad på Frøyslandsstølen på Gaularfjellet

TIL NYE HØGDER: Liv Janne Bell Jonstad har vore mykje ute i naturen det siste året. Til slutt hadde ho notert seg med 305 turar i skog og mark i løpet av årets 365 dagar.

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

– I starten lurte eg litt på om dette kom til å bli stress, men eg har klart det utan at det vart stress, seier Liv Janne Bell Jonstad frå Førde.

Til dagleg jobbar ho i staben til rådmannen i Førde. Etter lange dagar på kontoret likar ho å kome seg ut på tur. Etter å ha loggført fjellturane sine over fleire år, sette ho seg i starten av 2015 eit ganske så hårete mål.

– Eg sette meg eit mål om å gå 300 uteturar i 2015. Eg har gått mykje tur i fjellet, og sett at eg har passert først 100 fjellturar og så 150 fjellturar i året, fortel Bell Jonstad.

Liv Janne Bell Jonstad på Ullebuststølen i Førde kommune

IKKJE 300 UNIKE TURDAGAR: Fleire dagar har eg til dømes teke meg ein morgontur på fjellet åleine, og så har vi reist på familietur seinare. Då har det blitt to turar på same dag, seier Liv Janne Bell Jonstad. Biletet er frå ein familietur til Ullebuststølen i Førde.

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

Som sagt, så gjort

Men loggføringa hadde fått eit lite minus. Bell Jonstad fortel at det på eit vis vart eit hinder for at ho tok seg andre turar, som til dømes kortare spaserturar i nærområdet.

– Difor bestemte eg meg for eit mål om 300 uteturar, der mindre turar og sykkelturar også skulle telje med.

Og i Liv Janne sitt tilfelle kan ein faktisk seie, som sagt, så gjort. Gjennom året har ho åleine og saman med ektemannen og barna Sanna Oliva (6) og Bendik Matias (5) utforska alt frå støylar i kommunen til DNT-hytter på Dovrefjell og i Rondane.

Liv Janne Bell Jonstad på Hornesstølen i Førde februar 2015

TOPPAR: Det har blitt mange toppturar for Liv Janne Bell Jonstad i løpet av året. Biletet er frå ein tur til Frøyslandsstølen på Gaularfjellet i haust.

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

Tok også vekedagane i bruk

Då 2015 gjekk over i 2016 hadde ho gått 305 turar. Vel 130 av desse hadde begge barna vore med på.

– Vi likar variasjon og likar å gå nye turar, seier Bell Jonstad og seier det ligg ein del planlegging bak nokre av turane.

– I tillegg har vi sett at helgene blir veldig korte, så vi har teke vekedagane også i bruk for å oppfylle alle draumane våre.

Liv Janne Bell Jonstad på kanopadling med barna

OVERNATTING MIDT I VEKA: Barna har vore med på mange av turane. Og for å få nok tid, har dei også teke vekedagane i bruk. Biletet er frå ein overnattingstur ved Bekkjavatnet i sommar, midt i veka.

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

– Gå ut døra og ta det derfrå

Den viktigaste motivasjonen hennar har vore at turane ikkje alltid må vere så ambisiøse.

– Eg ønskte å senke terskelen for kva som skulle telje som tur. Av og til kan ein berre gå ut døra og ta turen derfrå, så blir det fint uansett. Klarar ein det, blir det etter kvart ein vane at ein vil ut, seier ho.

– Kan du toppe dette med eit nytt mål for 2016?

– Hehe, eg kjem ikkje til å stresse veldig, men eg skal iallfall ikkje vere mindre ute enn i 2015, smiler ho.