Hopp til innhold

Stoppa med eitt tonn overlast

No er mannen varetektsfengsla, sikta for å vere innblanda i ei rekke frekke tjuveri på Sunnmøre.

Måndag denne veka blei mannen stoppa av politiet i ein tilfeldig trafikkontroll mellom Eid og Stryn.

Mannen køyrde ein litauisk varebil med eitt tonn overlast. No mistenkjer politiet at bilen var full av tjuvegods.

Mannen i 20-åra blei fredag varetektsfengsla i tre veker, sikta for heleri.

Innbrot på Sunnmøre

Tjuvgods

TJUVEGODS: Varebilen hadde eit overlast på eitt tonn med det politiet trur er tjuvegods.

Foto: Politiet

Bilen var full av diverse utstyr som mannen ikkje greidde å gjere greie for, mellom anna ein båt, ein vasskuter, syklar og klede, ifølgje politiet.

Mannen, som er i 20-åra, er frå Litauen.

– Vi mistenkjer at lasta er knytt opp mot diverse innbrot på Sunnmøre, seier regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord.

Større sak

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

LENSMANN: Tormod Hvattum er regionlensmann i Nordfjord.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Hvattum seier politiet etterforskar saka breitt.

– Det kan sjå ut som at dette er ein del av ei større sak fordi vi har funne ein del ting som truleg stammar frå innbrot på Sunnmøre.

Mannen som har vore varetektsfengsla sidan onsdag er førebels den einaste som er sikta i saka.

– Det vil sannsynlegvis endre seg i den vidare etterforskinga.

Fengsla i tre veker

Fredag blei mannen varetektsfengsla i tre veker, han har erkjent delvis straffskuld.

– Vi trur dette er ein del av ei større sak som handlar om mobil vinningskriminalitet, meir enn det kan eg ikkje seie, seier politiadvokat Malin Ånensen.