Hopp til innhold

Gir ein halv million til dei råka barnefamiliane

Mange barnefamiliar er råka av storbrannen i Lærdal. No gjev Lions-klubben i Norge ein halv million kroner til strakstiltak som innkjøp av leikar, klede og aktivitetar for barn og unge.

Mange barnefamiliar er råka av storbrannen i Lærdal. No gjev Lions-klubben i Norge ein halv million kroner til strakstiltak som innkjøp av leikar, klede og aktivitetar for barn og unge. Foto: Arne Stubhaug

SJÅ VIDEO: Ulf Menes i Lions si distriktsavdeling seier dei er kjende for å hjelpe dei som treng det. Foto: Arne Stubhaug, NRK. Reporter: Geir Bjarte Hjetland, NRK

– Dei skal først og fremst brukast til barnefamiliar som har mista alt i brannen, seier sekretær i den lokale Lions-klubben i Lærdal, Halvard Eri.

I dag møtte han Ulf Menes frå Lions si distriktsavdeling og fekk den glade beskjeden om at dei no kan disponere inntil 500.000 kroner til strakstiltak til folk som treng hjelp etter brannen natt til søndag.

– Folk har mista husa sine utan å få med nokon ting. Vi har jo døme på det at både ungar og foreldre berre måtte rømme utan å få med seg noko. Det er ei starthjelp no før ein kjem seg i gang att med kvardagen, og før forsikringsselskapa får utbetalt erstatningar, seier Eri.

Gir frå katastrofefond

Sjølv om dei aller fleste har gode forsikringar, vil det ta tid før folk får utbetalingar tilstrekkeleg til å kjøpe inn alt dei har behov for i den nye kvardagen.

– Vi er kjende for å hjelpe dei som treng hjelp. Vi har eit katastrofefond, og det er klart at i samband med ei slik storbrann som denne i Lærdal så skulle det berre mangle om vi ikkje skulle gje, seier Ulf Menes i Lions si distriktsavdeling.

Han reknar med at dei blir brukt på ein god måte og det skal utarbeidast ei liste over kva pengane skal gå til.

– Så skal den godkjennast av Lions sentralt før pengane går til utbetaling til den lokale Lions-klubben som administrerer dette vidare, fortel Menes.

Kommunen er glad for gåva

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, er glad for at Lions no trør til for brannofra på Lærdalsøyri.

– Vi er alltid glad for gåver, og Lions er jo kjend for å bidra. Eg er overtydd om at dette er eit viktig bidrag til gjenoppbygginga av bygda, seier Solheim.

Lions

GAV PENGAR: F.v. Halvard Eri, Ulf Menes og Steingrim Bogarson frå Lions.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK