Hopp til innhold

Linda Eide fekk årets målpris

Linda Eide, kjend frå Norsk Attraksjon på NRK, vart i helga tildelt Målprisen 2013 frå Noregs Mållag.

Linda Eide

EIN AV OSS: I grunngjevinga for tildelinga av årets målpris går det fram at Linda Eide er ein person som får andre nynorskingar til å instinktivt tenkje at ho er ein av oss.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Utdelinga vart møtt med solide trampeklapp og jubel, går det fram i ei pressemelding.

– Nokre gonger dukkar det opp slike folk som gjer at vi nynorskingar rettar ryggen og seier «sjå, han eller ho er ein av oss». Folk som er både kule og morosame på eine sida, men som med djupt alvor argumenterer for nynorsk når dei vert intervjua i aviser og blad. Årets målprisvinnar er ein slik person, sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Frå utskjelt til populær

Dette var ein del av grunngjevinga for pristildelinga frå styret i Noregs Mållag. Det vart også argumentert med at Eide er uløyseleg knytt til dialekten si og nynorsken.

– Ho er, trass i at ho har budd i Bergen i mange år, best kjend som vossing. Ho har vore nynorskprosenten på laurdagskvelden, og ho har formidla kvinneliv på Voss gjennom mor si. Ho har gått frå å vere utskjelt for nynorskbruk i NRK Hordaland til å verte ein populær tv-journalist i beste sendetid, på vossamål og på nynorsk. Utan slike einskildpersonar som ikkje er redde for å dra fram dialekten si og nynorsken i ålmenta slik at alle kan sjå, og høyre, hadde ikkje alle vi sete her, sa Øvregård.

Fremjar nynorsken

Sidan 1990 har ho vore programmedarbeidar i fleire avdelingar i NRK, mellom anna i NRK P3 sidan opninga i 1993, i Norgesglasset på NRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet. Sist sett i «Norsk attraksjon» i beste sendetid på laurdagskveldane. Etter å ha ringt mor si i ti år for å grave etter gamalt nytt, og skrive om det, kom i fjor boka «Oppdrag Mottro».

– Årets Målprisvinnar skreiv som ung journaliststudent oppgåve om nynorsk på journalisthøgskulen, og ho har i intervju fortalt om korleis det var å bli fortalt at ein skulle snakke bokmål i austlandssendinga og å få telefonar med kritikk for nynorskvalet frå lyttarar. Dei fleste av oss ville vald å bøye av, står det i pressemeldinga.