Tone Merete Lillesvangstu - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tone Merete Lillesvangstu

Tone Merete Lillesvangstu er fødd i 1976 og kjem frå Vangsnes i Vik kommune. Ho tok til som reporter i NRK Sogn og Fjordane 1.september 2011.

Ho har tidlegare jobba både i Fædrelandsvennen, Sogn Avis og avisa Lindesnes, før ho kom til Firda Media i 2001. Der jobba ho både som journalist på nett og papir, og som nyheitsredaktør.

Tone Merete har toårig journalistutdanning frå Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand. Ho har óg studert engelsk, tysk og praktisk-pedagogisk utdanning.

Send epost til tone.merete.lillesvangstu@nrk.no

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.